Forhandlingar sokkelavtalen 2019


Forhandlingane sokkelavtalen 2019
7.-8.mai var det forhandlingar på sokkelavtalen på Norsk olje og gass sine lokaler på Forus.
I SAFE sin forhandlingsdelegasjon på 15 personar deltok Raymond Magnussen og Bjarte Lygre.
I «engere utval», der forbundsleiar Hilde Marit Rysst leiar forhandlingane, deltek ein representant frå operatørane, ein frå forpleiing og Raymond Magnussen for boring.
Etter opningsmøtet med heile delegasjonen frå både SAFE og NOG (Norsk olje-og gass)var til stades, vart krav grunngitt.
Grunna samordna mellomoppgjer har me ikkje streikerett på sokkeloppgjeret i år, dette er det berre Lederne som har no. Men dei har ikkje medlemer på tariffavtalen for boring og forpleiing.
NOG ynskjer å ta bort klausulane i avtalen der me i boring får etterbetalt gjennomsnittet av tillegget operatørane fekk i fjor.
Dette kan ikkje gjerast i år, og neste år har me streikerett om NOG prøver å fjerne opparbeida rettar på tariffavtalen.
Første tilbod kom på dag to utpå dagen. Fleire møter med «engere utval», nytt tilbod seinare på ettermiddagen. Siste tilbod kom natt til torsdag. Lederne, med streikerett, tok brudd på morgonkvisten, SAFE signerte difor ikkje på siste tilbod.
Kort samandrag;
Generelt lønstillegg vert på kr 19700, i tillegg kjem kr 5386 for etterbetaling av tillegga operatørane fekk førre år, desse summane er inkludert feriepengar.
Nattilegg og konferansetid aukar med kr 3,-. til kr 76,50/96,50
Heilagdagstillegget aukar med kr 50,- til kr 2025,- per dag
På ei gjennomsnittsløn for boring & forpleining (kr 666 340,-) på sokkelavtalen utgjer tillegga 3,7%. Med 730 timar nattillegg og 5 heilagdagar til havs årleg utgjer oppgjeret om lag 4,1 %.
Me kan ikkje seie oss nøgde med oppgjeret, som me berre må godta grunna manglande streikerett. Tillegga vert betalt frå 1.juni 2019.
Så får me håpe operatørane får gode oppgjer då dei og har lokale forhandlingar 
For meir informasjon, sjå SAFE.no

Vyrdsamt;
Fagforeningen i KCA Deutag
Raymond og Bjarte



Skriv ut siden