Me signerte i natt (4.mai) protokoll etter sokkelforhandlingane.
Dette er tariffavtalen for tilsette på plattformboring.
I år var det samordna oppgjer, noko som tilseier at me har lite spelerom på forhandlingar på forbundsnivå (Norsk Olje-og Gass), då føringane vart lagt mellom YS-NHO, der det vart lagt inn styrking av AFP m.m.
Me hadde først såkalla sløyfeforhandlingar. Det me fekk inn her for boring er at ein ved opprykk i stilling utanfor tariffavtalen/vikariat er sikra vilkåra i tariffavtalen pluss eit kronetillegg pr.dag.
Neste steg var sentrale forhandlingar mellom YS og NHO, og her vart det ei «ramme» på om lag 2,8%, med ei påfølgjande uravrøysting, der medlemene sa ja. Onsdag 2. mai var me i SAFE inne på forbundsvise forhandlingar, der me berre fekk drøfte tillegg på lønn og tillegg. Undervegs i forhandlingane hadde me dialog med både Lederne og Industri Energi.
Like over midnatt 4.mai kom siste tilbod på bordet, og på morgonkvisten var SAFE saman med Lederne og IE klare for signering.
Kort fortalt vil oppgjeret gje fylgjande for boring;
Tillegg inkl.feriepengar på kr 21554,- pr år (kr 16200+etterslep kr 5354)
Nattillegg aukar med kr 4,- pr time til kr 73,50/93,50 med konferansetillegg
Helligdagstillegget aukar med kr 75,- til kr 1975,-
Lønnsatsane / tillegga gjeld frå 1. juni 2018
Med underteikna sine ukvalifiserte utrekningar vil tillegget for ein som jobbar nattskift halve tida, og har ei gjennomsnittleg lønn for boring/forpleining vil oppgjere utgjere om lag 3,7%. Om ein kun går dagskift vil det på tilsvarande utgjere om lag 3,3%.
Felles signering med SAFE/Lederne/IE– seint på natta.
Signert-protokoll-sokkeloverenskomst
Bjarte Lygre
Klubbleiar
SAFE i KCA Deutag
Tlf 55986810
Mobil 93600127