Info tidleg juni 2019

Fagforeningen i KCA Deutag

Informasjon etter brot forhandlingar NR – og litt til- tidleg i juni 2019

27.-28.mai var SAFE, saman med IE og DSO sine utsendingar  samla på Norges Rederiforbund for lønsforhandlingar i mellomoppgjeret. 

I mellomoppgjeret er det berre løn ein kan forhandle på, ikkje endringar på avtalen.

Til forskjell frå sokkelavtalen har me full streikerett på rederiavtalen i år og.

Etter opningsmøte, der alle var samla og SAFE la fram lønskrava, samlast utsendingane i kvar sine forbund seg, og første tilbod kom frå NR.

Før første dag var over, var det felles samtalar mellom forbunda SAFE, IE og DSO der ein drøfta strategi, og lågaste  tilbod ein kunne godta.

I løpet av kvelden kom neste tilbod opp.  Neste morgon melde me frå at dette var for lågt med eit minste tillegg på kr 15000,-.

På Norsk olje-og gass /sokkelavtalen er ein i boring og forpleiing sikra eit tillegg på om lag kr 25000,-. Her har lønsutviklinga vært betre enn på NR-avtalen dei siste 4 åra, og dette er ein tariffavtale ein kan samanlikne fleire stillingar med.

I år var kravet auka kjøpekraft, også for NR-området.  I tabellen over ser de lønsutviklinga i samråd med SSB sine tabellar.  Og det er «høye herrer» som ynskjer at riggarbeidarløna skal ned på industriarbeidarløn på land, noko dei oppnår om me ikkje snur trenden!

Tysdag ettermiddag melde me brot i forhandlingane, då NR ikkje hadde noko betre tilbod å kome med. 2% og 15000 kroner var for dårleg ut frå kva grasrota i SAFE har sagt!

Industri Energi tok og brot, signerte på brot/usemjeprotokoll.

DSO (De samarbeidende organisasjoner), dekks-og maskinoffiserar, skal ha signert på protokollen, som vil gje svært dårleg utkome for individuelt løna.  Men det ser ut for at det er med atterhald om godkjenning på uravstemming blant dei om lag 500 medlemene.

SAFE har 2700 betalande/aktive medlemer på område rederi.

Me har varsla Riksmeklaren om brotet, og vonar å bli innkalla til mekling innan 3 veker.

I klubben vår har me varsla plassoppseiing på Askeladden for våre medlemer, og Moduklubben IE gjer det same.

Om me ikkje får noko betre tilbod innan meklingsfristen, vert det nedstenging og arbeidsstans på Askeladden.

Alle selskap har planlagt 1 rigg ut i arbeidsstans i første omgang, deretter kan ein ta ut fleire riggar om naudsynt på kortare varsel.  Og uttak av riggar gjer ein saman med dei lokale IE-klubbane, med unntak av Mærsk der det i praksis er forbode  å være SAFE-ar. Og der NR sin forhandlingsleiar Jakob Korsgaard er administrerande direktør.

Når me har fått tid hjå Riksmeklaren får de meir informasjon, fram til den tid skal uansett drift gå som normalt, i alle fall frå vår side J

I komande veke er det forbundsstyremøte og landsmøte i SAFE i Stavanger/Sola.

På landsmøte deltek Knut Mogen og Kristian Stange frå Fagforeningen i KCA Deutag, underteikna vert anten observatør eller forbundstyrerepresentant.

Ei viktig sak som skal drøftast på landsmøtet er mellom anna streikebidrag.

Påfølgande veke går HMS-konferansen «Fullt forsvarlig» i Sandnes, 12.13.juni.

Er du interessert i arbeidsmiljø med tanke på kjemisk eksponering, eksos, støy med meir, sjå safe.no for meir informasjon, og meld deg på!

Vernetenesta i KCA Deutag er representert!

Sauda 1.juni 2019

Fagforeningen i KCA Deutag – SAFE-klubben

Bjarte Lygre

Klubbleiar

Utskriftvennlig versjon her:

Skriv ut siden