Info tidlig april 2018

Borekontraktar – basebygg – og litt til

Tirsdag 3.april fekk me melding om tildeling borekontraktar for plattformboring for Statoil. Me beheld / fekk fornya kontraktar på Oseberg B-C-Sør-Øst, og Kvitebjørn.  Gullfaksfeltet (A-B-C) gjekk til Archer. Dei nye kontraktane byrjar 1. oktober 2018. Etter tildelinga har me då 5 plattformer (boring på 3-4), Odfjell 1 (+ Sverdrup), Archer 10 (+ Veslefrikk) for Statoil i denne tildelinga.

Ved tidlegare kontraktsbyte har ein praktisert «virksomhetsoverdragelse», altså at personell fylgjer med over til nytt selskap.

Onsdag 4.april starta me dialog med SAFE-klubben i Archer med klubbleiar Reidar Rikstad. Også Oljearbeidarforeningen (IE plattformboring) vart med på samtalane.

Archer-klubben ynskjer minimalt med intern flytting av personell til/frå Gullfaksfeltet fram til dei skal overta for å gjennomføre ein  virksomhetsoverdragelse. Dette kan bli utfordrande, då det er varsla borestans på Kvitebjørn i juni, 3 månader før kontraktane vert iverksett.

Me drøfta og overføring personell kompetansepool knytt til Gullfaks, operasjonsgruppa land som jobbar mot Gullfaks og kva stillingar dette gjeld i KCAD.

I Archer er det delte stillingar mellom dekk og boredekk, i KCAD er alle boredekksarbeiderar, med dekkskompetanse.

KCAD sitt tarifferte personell på plattformboring er på sokkel/NOG-avtalen, Archer på NR/rederiavtalen.  Dette tek Archer opp m.o.t. kva avtale personell overført skal gå på.

Tysdag 10.april er me innkalla til møte med leiinga i KCAD for å drøfte / bli informert om verknader med kontraktane, borestans/faseskifte Kvitebjørn juni, og konsekvensar for  bemanning på land.

Mongstad-basebygg;

Trass i at me må redusere grunna kontrakten på Gullfaks, vert det sett opp nytt bygg til KCA Deutag på Mongstad forsyningsbase. I dag er det 7 bygg me brukar spreidd rundt på baseområdet. Dette skal samlast under eitt tak.  Bygget vert 8-10 000 m2, og vil gjere forsynings- og logistikktenestene meir effektive.

Bygget vil romme lager, områder for mottak, utskiping, teknisk område, vaskehall, kontor og anna relevant for basetenester og lettare vedlikehald av utstyr.

For tida er det graving- og sprenging på tomta der bygget kjem.

Underteikna deltok på møte med basesjef og basetilsette, saman med vernetenesta i KCAD, yrkeshygienikar frå bedriftshelsetenesta, og var representant for dei tilsette på MODU.

Me gjekk gjennom ei rekke tekniske- og ergonomiske tilhøve; alt frå rømningsvegar til stråling, ventilasjon, støy og kran-kapasitetar.

Bygget skal vere klart for innflytting 1. juni 2019.

NR-tariffkonferanse;

Tysdag 10. april er det tariffkonferanse for området rederi i SAFE.

Konferansen vert på SAFE-huset i Stavanger, nestleiar Modu Bjørn Tore Jensen og underteikna deltek. Me tek med oss krava som kom opp på Tillitsvalgtkonferansen, og har i tillegg fronta ei gruppe tilsette på individuell avlønning.  Tariffkonferansen gjer grunnlag for krav frå SAFE i forhandlingane med Norges Rederiforbund siste veka i mai.

Val av tilsetterepresentant i styret KCA Deutag Modu Operations;

Dei tilsette i Modu vil snart få tilsendt (KCA-mailen) oversikt samt vallister for kven ein kan få inn i styret.  Dei fleste nominerte er SAFE-medlemer, valkomiteen har møte måndag 9. april for å setje opp kven som har sagt ja til å bli valt.  Sender eigen info til Modu-medlemene når alt er klart for avstemming.

Tjelmen 8. april 2018

Bjarte Lygre

Klubbleiar

SAFE i KCA Deutag

Tlf 55986810

Mobil 93600127

Bjarte.lygre@no.kcadeutag.com

safe@no.kcadeutag.com

Skriv ut siden