Informasjon Fagforeningen i KCA Deutag 8.mai 2020

Reknar med underteikna ikkje er aleine om å gå i eit slags ventemodus – på at alt skal bli som før. Men det vert det nok ikkje.

Me har gått gjennom mange tiltak, det har vært smitte på ein av riggane, som vart avgrensa til 1 person. Det har vært karantenereglar frå ulike operatørar, mange av dykk har fått lang både reisetid og offshoretur, medan andre har fått fri. Så langt har det ikkje vært permiteringar eller oppseiingar i KCA Deutag, noko dei fleste av konkurrentane våre er gjennom no. Me får krysse fingrar, føter og hår (for dei som har). Me vil nok og få føle fall i oljepris og etterspurnad.

Det er elles mange tariffsaker som dukkar opp grunna arbeidsordningar ein har hatt i den pågåande pandemien. Ta kontakt om noko er uklart! Garanterer ikkje svar på timen, men i alle fall i løpet ein dag og to.

Ringhorne – Vår Energi;

På Ringhorne er det 96 KCA Deutag tilsette. Operatøren Vår Energi har varsla at det vert stopp i boreaktiviteten når noverande brønn er ferdig i mai. No skal det seiast at på dei 18 månadene me har hatt mannskap på Ringhorne har det ikkje blitt bora ein meter formasjon.
Men i alle fall er me varsla av leiinga i møte denne veka at Vår Energi vil vurdere 3 alternativ på kor lenge det vert stans, og då er alternativa frå 2-3 månader, 8 månader eller 18 månader, sånn om lag. Kor mykje mannskap som vert at om bord, om det i det heile vert reduksjon, er ikkje avklart enno. Me ventar tilbakemelding på dette i siste veka i mai.
Saka er kort og godt kor varm dei skal halde plattforma, og sjølvsagt kva det vil koste operatøren.
Eg lovar å gje ut informasjon så snart det vert avklaring på dette. Det er svært mange av våre medlemer som er tilsett siste året, me skal gjere vårt beste for dykk og i prosessen som truleg kjem.
Ansiennitetslistene er det purra på, har ikkje fått dei enno.
Det er kome MANGE nye medlemer i seinare tid!
Velkomne skal de være! Innmeldingsgåver til nye medlemer på Askeladden og Askepott er sendt ut, elles må nok underteikna ta skulda for forseinka utsending, faktisk grunna heime/hyttekontor.

Styret KCA Deutag Modu Operations – tilsette sine styrerepresentantar

Me gratulere Kristian Stange og Ralf Risholt med 2 av dei 3 faste plassene i styret til Modu!
Stolte oljearbeiderar og gode representantar for dei tilsette!

Helikopterulykke i Middelhavet med Sikorsky

Seks personar omkom då eit kanadisk helikopter av typen Sikorsky CH-148 Cyclone, styrta utanfor kysten av Hellas, onsdag 29. april. Dette er militær versjonen av helikoptertypen S-92A, som utfører det meste av arbeidet (transport og redningsberedskap) på norsk sokkel. Bransjen vår treng meir enn ein leverandør av helikopter.
Forbundet SAFE vil at jobben med å finne alternative helikoptertypar må framskundast. Les meir om dette i vedlagt «SAFEelement»

Følg gjerne også forbundet på YouTube (SAFE Fagforbund), på Instagram (SAFE.fagforbund) og elles oppdateringar på SAFE.no
Klubben vår kan de fylgje på Facebooksida vår, samt lukka gruppe for medlemer, elles heimesida; Fagforeningkcadeutag.no

Så hald avstand, vask hendene og pass dykk for laseren!

Sauda 8.mai 2020
Bjarte Lygre
Klubbleiar – SAFE i KCA Deutag

Skriv ut siden