Informasjon Fagforeningen i KCA Deutag midt i august 2020

Konsernet KCA Deutag – økonomi

Lock-up agreement i konsernet KCA Deutag;
Det er ført forhandlingar med kreditorar og aksjonærar til konsernet KCA Deutag. Full info finn de på heimesida kompass.kcadeutag.com . Konsernet får redusert gjelda frå om lag 20 milliardar til 5 milliardar, som skal nedbetalast over 5 år. Og aksjonærane mister sine verdiar, kreditorane styrer i praksis konsernet. Omlag slik er kortversjonen om ein kjem i mål. KCA Deutag eig over 100 landriggar rundt i verda, og svært mange av desse er no tekne ut av drift grunna marknaden.
Så vonar ein at selskapet overlever dei neste 130 åra og. Men drøftingane om kostnadsreduksjonar held fram, også i Norge.
Forhandlingar på sokkelavtale, oljeovereinskomst og rederiavtalen
Dei første forhandlingane er alltid «frontfaga». Her braut forhandlingane saman etter få timar. Det vert mekling her 20.-21. august, og om ein ikkje vert samde kan det bli storstreik.
Men me reknar med at dei vert samde om noko. Neste steg er då forhandlingar mellom YS og NHO.
Første av forhandlingane våre vert på sokkelavtalen mellom SAFE og Norsk olje og gass 7. -8. september. Raymond Magnussen stiller her for boring, underteikna som reserve. Me forhandlar her saman med operatørselskapa og forpleiing.
Neste ut er forhandlingar på Oljeovereinskomsten, også kalla bransjeavtalen. Det er denne
som legg rammene for individuelt løna medlemer, både leiing på plattformboring, basar og landtilsette. Desse forhandlingane er sett til 16.september, også her er det Norsk olje og gass som er motpart. Denne avtalen skal fullførast med lokale særavtalar seinare i haust.
Forhandlingane på rederiavtalen (NR) er sett opp i Oslo 22.-24. september.

Her er me ein stor delegasjon frå SAFE, og det vert forhandla for både tarifferte og individuelt løna. Det kom ei ny lov om pensjon for sjømenn til nyttår som i kortversjon gir alle fødd etter 1970 vanleg AFP. Men det er ein del «hol» på ein del aldersgrupper som me
må ivareta. Og på rederiområdet er pensjon ein del av tariffoppgjeret.
Me har gått gjennom avtalane, og sett opp ynske for kva me ynskjer endra eller få klargjort i avtalane. Dette vart gjort allereie på tillitsvaldkonferansen på Voss, då var planen at forhandlingane skulle gå i april/mai. Men så dukka den flaggermusa opp …

Velferdsklubb plattformboring

Det er sett saman eit velferdsstyre for plattformboring (faste) for å setje opp reglar og organisere utbetaling av bonus som mannskap tenar opp. Velferdsklubben vert eit føretak registrert i Brønnøysund, og felles for alle plattformene. Dei hadde sitt første møte 13.august 2020, og er sett saman slik:
Andreas Åsebø – SAFE
Mattis Tangstad – IE
Tore Lekve – Lederne

Det vil nok gå ein del tid før vedtekter med meir er på plass. Fram til då er det fint om kvart crew/rigg set saman sine lokale velferdstyre. Så langt er det vel berre Oseberg Sør som er ihamn med dette.

Ringhorne

Det vart jo ein «happy ending» med borestansen på Ringhorne: ingen oppseiingar, permitteringar eller flytting til kompetansepool. Men ikkje alle vert på Ringhorne under heile stansen, så nokon må reise på andre felt. I samband med dette har me signert ein protokoll som seier at ein kan reise på andre installasjonar innanfor same utreiseveke på annan utreisedag, utan å få overtidskompensasjon. I praksis vil dette medføre at ein boredekksarbeidar frå Ringhorne med utreisedag torsdag, kan måtte reise ut på Kvitebjørn 1 dag tidlegare. Dette får ein att i fri i andre enden. Men ein skal ikkje reise ei veke før, då er det kompensasjon etter tariffavtalen.
Ein ventar oppstart på Ringhorne i slutten av året. I år 🙂

Oseberg C – Oseberg Øst

Ein planlegg å stanse boringa på Oseberg C og starte boreoperasjon att på Oseberg Øst over nyttår. Det er ikkje planlagt med flytar som flotell/pumperigg på sida, dette medfører noko mindre mannskap om bord.


Covid-19

Følg med på oppdaterte reiseråd på smartdesk for arbeidsreiser og karantene m.m. Elles er det ikkje tilrådd å flytte for mykje på seg på fritida, sjølv innan Norge har me no «raude område». Og om du er uheldig og er/kan være smitteberar, ikkje reis på kontoret eller offshore! At ein får kontroll over smittespreiinga er på sikt avgjerande for arbeidsplassane
våre! Me har ikkje trygge jobbar om samfunnet går på tomgang 🙁

Kongress SAFE
Om arrangementet kan gå som planlagt, vil det samlast om lag 200 SAFE-erar på Sandnes 3 – 5 november. Klubben vår vil delta med 5 til 6 representantar. Kongressen er kvart 3. år, og det er her ein både vel leiing i forbundet, forbundsstyre, og vedtek kvar vegen skal gå dei neste åra. Den førre kongressen vart litt i overkant underhaldande, då Equinor-sokkel trakk seg ut av styret. Det vert i første omgang styrerepresentantar og truleg nokre plasstillitsvalte som stiller for klubben.

Velkomstgåver nye medlemer

Grunna ferie og andre grunnar som heimekontor med meir, har utsending av velkomstgåvene frå SAFE til nye medlemer blitt mykje forseinka. Regelen her har vore at denne vert sendt etter første lønstrekk. Om du er nyinnmeld, og ikkje har fått denne innan to veker, kontakt underteikna. Framover vil me levere ut desse velkomstgåvene, og helst sende dei om bord på riggane.

Ymist anna;
Me vil oppmode alle medlemer som har fjesbok om å «like» desse:

Gruppa: https://www.facebook.com/groups/364788107338586/

Lik siden: https://www.facebook.com/pg/safeikcad/posts/

Underteikna vert lite på kontoret på Espehaugen framover. Dette skuldast ein del aktivitet i SAFE i Stavanger, forhandlingar, og eg vil og ha meir heimekontor enn tidlegare. Dette har både med smittesituasjon (reise minst mogleg), friviljug kostnadsreduksjon, samt reisetid å
gjere. Men me har straumbrev (e-post), meldingar (messenger), telefon, skype og teams. Kvar dag!
Og så vil me ynskje Equinor lykke til med ein ny sjef herfrå, inst i ein Ryfylkefjord.

Sauda 14. august 2020

Bjarte Lygre
Klubbleiar
Fagforeningen i KCA Deutag

PDF versjon

Skriv ut siden