Informasjon fra Fagforeningen i KCA Deutag 22 juni 2019

Det er brot i forhandlingane på rederiområdet.

SAFE og Industri Energi (IE) skal til Riksmeklaren  torsdag 27.juni.

De Samarbeidende Organisasjoner, DSO (sjøoffiserar og motormenn) har godtatt oppgjeret etter uravstemming.

 Om meklinga ikkje fører fram vert det streik på ein del installasjonar, her samarbeider me med IE. 

Det er meldt plassoppsigelse på Askeladden for både SAFE og IE, men plassfratredelse må likevel  varslast fire dagar før ein kan gå ut i streik.

SAFE og IE er samde om kva riggar me skal ta ut om me ikkje får eit betre tilbod frå reiarlaga.  

Tillitsvalte på Askeladden må setje seg inn i «streikehefte» som ligg på heimesida vår. Om det vert konflikt, er organisasjonen vår tilgjengeleg dag og natt. 

Klubbleiaren deltek på meklinga. Brønn skal sikrast/seksjon gjerast ferdig før me går ut i arbeidskonflikt, og alt arbeid skal gå som normalt heilt til eit brot i meklinga.

Her ser de kvifor me ikkje kan godta fleire dårlege oppgjer  på NR;

På landsmøtet til SAFE 5.-6.juni vart det lagt fram ei sak på streikebidrag, for å auke dette.

Det vil då bli rom for ektra kontingenttrekk på dei områda som får streike for å dekke lønstap blant dei som vert tekne ut.

 Storleik på streikebidrag kjem an på kor lenge ei streik varer.

Sokkelområdet vart også i år fråtekne  streikeretten av YS/LO.

Alexander Kielland

Marie Smith-Solbakken og Kian Reme i Kielland-nettverket  presenterte kvifor ein krev ei ny gransking av Kielland-ulykka, som kravde 123 menneskeliv på Ekofisk mars 1980; 

Det har vært sveiserar om bord som ingen kan gjere greie for like før plattformbeinet rauk.

Luker var sveisa  i open stilling, vekerapportar frå riggen er forsvunne.

Veritas, som skulle sertifisere riggen, viste noko, plattformsjefen var redd før han skulle på jobb og visste meir enn det som er kome fram.

Mykje meir er stempla hemmeleg  i 60 år.  Riksrevisjonen har no, etter påtrykk frå nettverket,  bede om ei ny gransking av ulykka.

Fagforeningen i KCA Deutag støttar Kielland-nettverket med kr 2500,-. Det er og høve til å støtte saka som enkeltmedlem. 

Du finn oppdatert info på Facebook; Kielland-nettverket

Bilete over er av plattforma etter snuing i Stavanger.

Bilete der 4 av 5 pontongar flyt opp-ned. Feil ballast grunna open dør/luke gjorde truleg at plattforma tippa så snart rundt.

Berekningar viser at det ville gått 30 minutt meir om oppdrift var som tiltenkt/design.

Bilete like før senking i Nedstrandsfjorden

Val bedriftstyret – tilsetterepresentantar KCA Deutag Drilling AS

Resultatet av valet på tilsette sine representantar i styret i «drilling» er kunngjort.

Dei to første plassene gjekk til representantar for Oljearbeidarforeningen, den tredje faste plassen til «vår mann» frå Lederne, Johannes Gaassand.

Fjerde og femteplass  gjekk til SAFE-representantane Bjarte L. og Roy Vegar Hope.

Neste styremøte er torsdag 27.juni 2019.

Det mangla 5-10 røyster på fast plass i bestyrelsen for fagforeningen/SAFE-klubben 

☺

Individuelt lønna stillingar og lønsoppgjer;

I lønsforhandlingane lokalt for landtilsette og plattformboring, vart me i haust (2018) samde om ei justering av begynnarløna i stillingane vedlikahaldsleiar, borar, junior-og senior boresjef. 

Dette for å gjere det økonomisk attraktivt og å gå opp i stilling.  Med den svake lønsutviklinga denne gruppa har hatt dei siste åra, har tarifferte stillingar vært nær å teke att leiande stillingar i løn.

Difor vert startløna som borar/vedlikehaldsleiar  løfta. Det same gjeld boresjeflønningane på plattformboring. 

Protokollen er ikkje signert enno, men me var samde om prinsippa i eit møte med leiinga 18.juni. Dette er eit tillegg som skal tilkome dei det gjeld frå 1.januar 2019, og har ikkje noko med lønsoppgjeret i år og gjere.

Men verknadene av dette tillegget gjer at nytilsette i stilling samt dei som har fleire år erfaring, vil no stå på lik løn.  Dette vert ei sak for lønsoppgjeret i år.

På Modu har ein del stillingar fått ei lønsjustering allereie, dette for å kome opp mot snittløn for rederiområdet. 

Me i fagforeiningane har ikkje vore med på denne «lønspakka», men ser på marknadstilpasninga som positiv.  Det skal og ligge ein bonus/eingongsutbetaling som ein kan få til utbetaling neste år, om ein er frisk og flink nok.

Ut frå det underteikna har kjennskap til, er det ikkje gitt tillegg som gir løn over gjennomsnitt for NR. Dei fleste på Modu vart tilsett i «dårlege tider»,  startløna var låg for mange.

Individuelt løna på rederiområdet (Modu m.fl.) skal me og forhandle for hjå Riksmeklaren 27.juni 2019.

Me har ikkje fått dato for lokale forhandlingar for land og plattformboring, men det vert i haust.  Til den tid bør me ha gode lønsdata.

Måndag 17.juni var det møte på SAFE-huset med juridisk avdeling; me førebur to stevningar mot KCA Deutag, noko som er ein tidkrevjande sak.

Seglingsavtalen vart prøvd å løyse lokalt utan å lukkast, me må difor førebu rettslege steg for avklaring på denne med tanke på overtidstillegg og friperiodegodtgjersle.

Den andre saka me har er NR-avtalen bilag 4 pensjon, der me meinar ein tek feil tolkning av avtaletekst på seglingstid på NR-avtalen og tilsetjingstid i selskapet før ein kan krevje pensjon.

Me oppmodar alle medlemer som er på fjesboka om å fylgja godt med her når meklingsfristen, torsdag 27.juni kl 2400, nærmar seg. 

Det er forbod mot å gå ut med informasjon om sjølve meklinga når den pågår, men resultatet kan sjølvsagt kunngjerast.

Klubben har både ei lukka og open fjesbokside for medlemer i tillegg til heimesida; fagforeningkcadeutag.no

Neste veke, 24.-28.juni, planlegg underteikna heime-og Oslokontor.

Admiralen 20.juni 2019

Klikk under her for PDF av denne artikkelen:

Bjarte Lygre

Klubbleiar

SAFE i KCA Deutag

Tlf 55986810

Mobil 93600127

Bjarte.lygre@kcadeutag.com

safe@kcadeutag.com

Skriv ut siden