Informasjon fra Fagforeningen i KCA Deutag januar 2020

Nye medlemmer

Visste du at alle nye SAFE- medlemmer får tilsendt e Bluetooth 4.0 trådlaust «headsett» i velkomstgåve? I tillegg får dei 6 mnd. Kostnadsfri innbuforsikring frå innmeldingstidspunkt, om dei teiknar YS Innbo.

Frå klubben i KCA Deutag får dei og treningstrøye, stålflaske og klokke, så lenge behaldninga rekk.

Du som allerede er SAFE-medlem er omfatta av vervekampanjen.

3 verva = kr.2.500 og 5 verva = kr.5.000 til el.dingsar ☺

Nøl ikkje med å tilrå nytilsette og andre å melde seg inn i SAFE, saman er me sterke!

Og me ynskjer alle nye medlemer hjarteleg velkomne til oss!

Ny pensjonstrygd for sjømenn

Det er kome meir informasjon om den nye pensjonstrygda for sjøfolk. Denne ligg på heimesida vår fagforeningkcadeutag.no under nyheiter eller arkiv 2020. På PTS.no finn du og pensjonskalkulator for utrekning av din pensjon om du er, eller har vore i ordninga.

Klubben sin kontaktperson og spesialist på PTS er Ralf Risholt. Han sit og i Modu sitt pensjonsutval.

Møte SAFE og leiinga KCA Deutag

14.januar 2020 hadde SAFE-klubben møte med bedrifta. Frå klubben deltok Raymond Magnussen, Kristian Stange og Bjarte Lygre. Frå leiinga personalsjef Mona Wolff og Bjarne Tresselt.

Saker me tok opp var mellom anna;

Særavtale for landtilsette og base for SAFE-klubben.

Fleksitidordning med reglar for kjernetid, opptening med timebank og avspasering for same gruppa, samt stillingstitlar og struktur på desse.

Offshorearbeid for landtilsette og opparbeiding av fritid vart og drøfta, og vert teke opp i vidare drøftingar utover våren.

«Snubbing»/avdeling 88/Well-service – tilbod og avtalar

Det er planlagt med brønnservice/UBD på Kvitebjørn i slutten av året. I samband med dette må ein ha avtalar på plass for dei som vil jobbe med brønnkontrollutstyret som KCA Deutag har ansvar for. Det vert då ein periode med arbeid på utstyret på land før det vert sendt om bord. Me la fram forslag til avtalestruktur for dei som vil få tilbod om å jobbe i denne avdelinga, og som no er innplassert på borecrewa på plattformboring. Desse drøftingane tek me oppatt utover våren saman med dei dette gjeld for.

Ansiennitet mellom selskapa i KCA Deutag i Norge

Det er ingen avtale på at ein tek med seg ansiennitet mellom Modu og «drilling» i KCA Deutag i Norge. Selskapet har ein prosedyre som seier korleis dette vert gjort, men denne er neppe sterk nok om det kjem ei sak der ein har søkt ein ledig stilling i det andre KCAD-selskapet. Me oppmoda bedrifta til å kome med ein protokoll eller liknande der fagforeiningane i selskapet er involvert. Og dette bør gjerast før dette vert ei sak ved reduksjon i eit av selskapa.

Arbeid innan annan verksemd og nye arbeidsavtalar

Dei som har fått dei nye arbeidsavtalane til KCA Deutag, anten dei vart tilsett eller fekk ny stilling, har ein særs avgrensa muligheit til å disponere si eiga fritid, om ein tek ordlyden bokstavleg. I arbeidsreglementet til bedrifta står det at ein ikkje skal arbeide for konkurrerande verksemd, kundar og liknande. Om ein vert skada / sjukmeldt ved anna lønsarbeid fell KCAD sine forsikringar og sjukelønsplikt bort. Me meiner arbeidsreglementet er dekkande på dette.

Me har teke saka opp, då det er avgrensa kor mykje hovudarbeidsgivar kan styre fritida di! I andre boreselskap er det heller ikkje avgrensingar som dei nye arbeidsavtalane i KCAD gir.

Moduklubben IE har og kome på banen, og me har dialog om ovanforståande.

Pensjonist/permisjonar/nye medarbeidarsamtalar/tid til tillitsvalgtarbeid var og saker me var innom på møtet.

Vidare framover vert det områdemøte rederi 27.-28.januar 2020, forbundstyremøte SAFE 4.- 5.februar, områdemøte sokkel veka etter, deretter årsmøte-og tillitsvalgtkonferanse på Voss 18.- 20.februar 2020.

Det er dei tillitsvalgte på årsmøtet som vel styret, og avgjer kva kurs klubben skal ha framover.

Har de innspel til kandidatar til styret, kontakt valkomiteen ved jostein.hallaråker@kcadeutag.com

Halve styret er på val kvart år.

Fakta om

SAFE er ein fagforening for offshore-og landtilsette innan olje-og gassindustrien.

Me er ein grasrotorganisasjon. Fagforbundet SAFE er leia av folk som veit kvar skoen trykker, og som har arbeida i olje-og gassindustrien.

SAFE eig ikkje i bank-eller forsikringselskap. Dette gjer heller ikkje YS. Om me hadde eigd i dette, ville me blitt «tvungne til» å tilrå medlemene lån og forsikringar som var dårlegare enn det ein elles oppnår. Det er diverre fleire døme på dette.

Me har avtale med Gjensidige forsikring gjennom YS. Gjensidige er eit av dei to leiande forsikringselskapa me har i Norge, og er ei stifting. Det er heilt frivillig om du vil ha forsikring her, men me har særs gode avtalar på innbu, reise-og gruppelivsforsikring. På skadeforsikringar har ein fått tilbake utbytte på 15% vanlegvis.

Gjensidige bank er eigd av Nordea, tidlegare Kredittkassen med fleire. Med unntak av innloggingsportalen, har ikkje Gjensidige bank og forsikringa noko felles. Me har gode lånevilkår for medlemer i Gjensidige bank, og det er her ikkje «lokketilbod».

Gjennom medlemskapet i SAFE har du advokatforsikring og grunnforsikring som ikkje kan veljast bort.

Det er SAFE som kan boring

YS –Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund = SAFE sin hovudorganisasjon

I YS er det 13 forbund som er samen, med totalt 225 000 medlemmer.

Under same paraplyen er altså Parat, Delta, Losforbundet, tollerar (og synderar), Befalets Fellesorganisasjon, Negotia (kontoransatte), Finansforbundet med fleire.

Forbundsstyra til alle 13 forbunda til YS var samla på Storo i Oslo to dager denne veka.

Både eldrebølge, klimaendringar og auka globalisering vil påverke landet vårt.

Kva vil klimautfordringane ha å seie for arbeidsliv, økonomi og migrasjon/klimaflyktningar?

Det er fakta at det er blitt våtare og varmare. Årsakene til dette er det utalige svar på ☺

Teknologiutfordringar, der mange jobbar vil forsvinne innan mellom anna varehandel, administrasjon, industri og helsevesen.

Eit døme er noko me eldre kjenner godt til; Opplysningen 1881. Traff hovedtillitsvalgt i bedrifta, dei hadde gått ned frå 70 mill. samtaler til no eit par millionar i året, og redusert staben med om lag 80%. Ei aldri så lita omstilling. Det er i dag enklare å finne opplysningar sjølv enn å ringe …..

Det vil kome nye jobbar, og her er det viktig at me og er med. Utvikling av kunstig intelligens vil og overta mange eksisterande jobbar. I dei fleste jobbar vert det krav til å spesialisere seg.

Klikk her for en utskriftvennlig versjon:

Sauda 25. januar 2020

Bjarte Lygre

Klubbleiar

Fagforeningen i KCA Deutag

Skriv ut siden