Informasjon fra Fagforeningen i KCA Deutag midt i sept 19

Individuelt løna og landtilsette

Det har vært både forhandlingar og drøftingar på løn for landtilsette og individuelt løna.

Som informert om tidlegare, var det forhandlingar på individuelt løna på sokkel og landtilsette.

Me fekk innsyn i korleis det individuelle tillegget var fordelt innan gruppa, og på sokkel offshore såg dette bra ut, det vil seie det var i stor grad nytta til justering innan stillingane for å få mindre ulike lønningar.  For landtilsette har me ikkje fått listene enno.

På Modu har me drøftingar, og på første møtet la me, saman med Modu-klubben, fram eit forslag til korleis «%en» skulle fordelast. Den eine prosenten til fordeling vart forhandla fram sentralt, alle skal her ha minimum 2,6 % i tillegg.  Det er til sjuande og sist leiinga som avgjer fordelinga, men dei skal ta  omsyn til våre innspel.

For Modu vert tillegget utbetalt i september med etterbetaling frå 1.juni 2019.

For sokkel og landtilsette vert det etterbetaling frå 1.juli 2019, truleg utbetaling/etterbetaling i oktober for landtilsette, sokkel prøver dei å få til i september, men ingen lovnad.

Seilingsavtale Modu;

Det vart siger for SAFE på tvistesaka på seilingstillegget og overtidsberekninga!

Dette vert utbetalt på september-løn.

Me kunne gjerne hatt ein annan berekningsmøte på seilingstillegget (ikkje dag, men timesats), men me har fått gjennomslag for det me kravde i tvistesaka.

Me signerte protokollen på utbetalinga/tolking avtale 12.september.

Nytilsetjingar;

Det vert maaaange nytilsette i KCA Deutag framover, både i Modu og på plattformboring.

Fint om de informere om SAFE-klubben til dei som er ute på første tur for KCA Deutag, anten det er på vikartur, kompetansepool eller fast på skift.  Hugs me er einaste fagforeininga med forhandlingsrett på alle avtalane! 

SAFE utdanningsfond;

SAFE har eit av bransjens beste utdanningsfond!

Du kan no få opptil kr 15 000 årlig.

SAFE sitt utdanningsstipend skal motivere og bidra til at medlemmer og tillitsvalte utviklar sin kompetanse i organisasjons- og yrkesliv.

SAFE har fire utbetalingsdatoer årlig.

Sjå SAFE.no – SAFE fordeler – utdanningsfond

Kontaktperson for meir info:

Anita Fløisvik

Mail: anita@safe.no

Tlf: 986 09 337

Rikets tilstand;

Det var allmøte på Espehaugen 12.september.

Kort fortalt, det går godt i selskapet på både HMS og økonomi;

Når adm.dir. seier me ligg over budsjett, då er det braJ. 

På Askeladden installerer ein NOVOS – automatiserte boresekvensar, som er ein avansert autodriller som også skal ta røyrhandtering/samankopling. Dette er installert på Askepott.  Begge riggane manglar saversubdoping…dette er og på VO-agendaen.

På Ringhorne er det framleis prosjektfase, køyplasser for dagskift er mangelvare.

 Kvitebjørn planlegg boreoppstart til nyttår, mannskapslistene er ikkje heilt klare enno.  Det vil bli mange opprykk på andre installasjonar som fylgje av dette.

Oseberg B, C og Sør er i boring med nokre vedlikehalds-stansar og wireline innimellom. 

Oseberg Øst er i vedlikehaldsfase, ukjent om/når boring att. 

RDS har for tida mykje arbeid, det meste for tida på Gullfaks C.  Dei forventar å ha 40 tilsette i avdelingen også gjennom 2020!

Me slit framleis med å få  bonuspengane til mannskapa på plattformboring ut på ein grei måte, vert fleire møter på dette utover hausten.

Områdemøter;

17.-18.september vert det områdemøte sokkel ein stad i Bergensområdet J

Her deltek Raymond Magnussen og Jim Tore Liøen frå klubben vår.  Dette er ein møtestad for operatør, forpleiing og boring drøftar den felles tariffavtalen og utfordringane ein har.

25.september vert det tilsvarande møte for rederiområdet, der alle klubbane på NR-avtalen deltek.  Dette vert på SAFE-huset i Stavanger.  Bjørn Tore + 1 (?) deltek.

Ein vil allereie no planlegge for lønsoppgjeret og krav til hovudoppgjeret 2020, kom med innspel!

Årsmøte-og tillitsvalgtkonferansen 2020 – Voss

Klubben sitt Årsmøte-og tillitsvalgtkonferanse er planlagt på Voss i februar/mars neste år.

Det vert anten veka før eller etter skulevinterferien på vestlandet, tysdag til torsdag.

Underteikna tek no ferie til 29.september.  Om de har hastesaker før denne tid, kontakt;

Nestleiar sokkel/land Raymond Magnussen, tlf 476 47 851,  raymond.magnussen(a)kcadeutag.com

Nestleiar Modu Bjørn Tore Jensen, tlf 924 09 314 bjorn.tore.jensen(a)kcadeutag.com

Det vert sett pris på om det vert mange SAFE-flagg å sjå langs kysten mellom Bergen og Kirkenes dei neste vekene 🙂

Sauda 13.september 2019

Fagforeningen i KCA Deutag

Bjarte Lygre

Klubbleiar

SAFE i KCA Deutag

Tlf 55986810

Mobil 93600127

Bjarte.lygre@kcadeutag.com

Skriv ut siden