Informasjon frå Fagforeningen i KCA Deutag september 2021

Modu – drøftingar lønn individuelt løna

Me hadde drøftingar på Modu/NR-avtalen for dei individuelt løna.
Drøftingar er ikkje det same som forhandlingar; her kjem fagforeningane med sine innspel, men bedrifta treng ikkje ta omsyn til dette. Men dei siste åra har dei gjort det.
I år er målsetjinga at ingen skal gå ned i kjøpekraft. Rederiavtalen er gjeldande frå 1.juni 2021, og det siste året var prisstigninga (konsumprisindeksen) der 2,8%. Det vart semje i oppgjeret med
Riksmeklaren at alle individuelt løna skal ha minimum kr 24 500,- pr år, men oppgjeret skal koste bedrifta 2,7%, minst 🙂

Ut frå tilbakemeldingar frå medlemer både i SAFE og Moduklubben, må alle få minst 2,7%.
Me påpeika i drøftingane enkelte som ser ut til å ha fått feil lønn, dette skal bedrifta sjå på utanom oppgjeret.
Men bedrifta vil gjerne ha noko til individuelle justeringar.

Resultatet ser me om om lag 2 veker, og lønstillegget vert justert og etterbetalt på oktoberlønn er planen.

K-HVO Modu
Då Simen Eik Kalve har eit vikariat på land som HMS-koordinator for Oseberg B, er Mats Einar Hansen no i 50% stillingen som koordinerande hovedverneombud for Modu. Mats er borerdekksarbeidar og verneombud på sitt skift på Askepott. Me ynskjer Mats velkomen i den nye jobben. Dei som kjem på tillitsvaltkonferansen på Voss får treffe han der.

Utsette forhandlingar for landtilsette, mellom-og riggledelse plattformboring
Dei utsette forhandlingane for individuelt løna på plattformboring er utsett til 20. og 22. september.
Me har desse forhandlingane i lag med Oljearbeidarforeningen, delvis Lederne. På land er også Nito og Tekna med.

Lærlingar
KCADeutag har teke inn 10 lærlingar. Fire av dei skal på på Modu, og dei seks andre på plattformboring. Alle skal være tildelt rigg. Ta vel imot dei når dei kjem om bord!
Me har hatt ein kort presentasjon av klubben til dei. Informer dei gjerne meir om kva SAFE står for.
Lærlingar betaler ikkje medlemskontingent.

Kompetansepool – ressurspool ekstra tid om bord
Det har kome ein del spørsmål om overtid og ventetid for dei som er tilsett i kompetansepool (sokkelavtalen) og ressurspool (NR/Modu).

Kortversjon; Dei som er i «drilling» har krav på 1,5 dag fri for kvar dag offshore før neste utreise, elles overtid fram til avspasert. Ventetid etter 14 dagar om bord/eller innsjekka heliport om utsett utreise pga. vær o.l.
NR/Modu har ein krav på 1 dag fri for kvar dag offshore før neste utreise. Her tilfell ventelønn etter avtalt periode, og elles etter 14 dagar .
På begge avtalane må ein pårekne inntil 14 dagar offshore når ein reiser offshore, men det er reglar for ferie m.v. i avtalane.

Kompetanse/ressurspoolane er oppretta for å dekke inn for fravær og
prosjekt, dette for å unngå mest mulig bruk av midlertidig tilsette utan fastløn.
Årsverket er det same som for dei som går fast 2-4 rotasjon, og for mange arbeida timar vert kompensert.
Avtalane for både kompetanse-og ressurspool skal ligge på heimesida til klubben.

RAS – Rig assist snubbing Gullfaks

Oppdraget me har på snubbing på Gullfaks er utsett – inntil vidare. Utstyret er testa, avtalane klare,men noko oppstartdato har me ikkje fått.

Hovedoppgjer 2022
Neste år er det hovedoppgjer på alle avtalane.
På rederiområdet startar me førebuingane 20.-21.september saman med dei andre SAFE-klubbane i Stavanger. Her vert det Knut Mogen og Bjarte som deltek.
På sokkelavtalen startar me førebuingane 4.-5.oktober saman med operatør-og forpleiingsklubbane på Håholmen. Her deltek Tor Olav Skeie og Bjarte.
Kom gjerne med innspel til oss, det er medlemene som veit «kvar skoen trykker»!

Tillitsvaltkurs og tillitsvaltkonferanse
SAFE arrangerer tillitsvaltkurs , SAFE Skolen Modul II: 12. – 13. oktober på Radisson Blu Atlantic – Stavanger. Her vert det teke opp tariffavtalar, rettstvistar, arbeidsrett.
Om du er interessert, og kan delta, meld deg på her; safe.no/kurs
Kurs/reise/opphald vert dekka av forbundet. I tillegg har klubben ei lita kursstøtte for dei som deltek.
Minner og om tillitsvaltkonferansen på Voss 19.-21.oktober, påmelding så snart som mogeleg til knut.mogen@kcadeutag.com . Her gjeld det ordinær lønn for dei som deltek i friperiode, elles vert utgiftene dekka.

Stoltzekleiven opp 2021

Laurdag 25.september kl 1423 stiller KCA Deutag med sitt «bedriftslag» på 13 personar i mosjonsklassen i Stoltzekleiven opp i Bergen. Og her er halvdelen SAFEerar som kjem frå både Askepott, Oseberg og Espehaugen. Me set pris på ein god heiagjeng mot toppen av løypa, som er 900 meter lang med 300 høgdemeter, stort sett ei lang trapp.
Me har no passert 350 medlemer i klubben i tillegg til pensjonistane, ynskjer alle nye medlemer og velkomne!

Inst i ein Ryfylkefjord 15.september 2021
Bjarte Lygre
Klubbleiar SAFE i KCA Deutag

Skriv ut siden