Informasjon fra Fagforeningen i KCA Deutag

Informasjon SAFE-klubben 8.august 2019

Seilingsavtalen;

Me hadde drøftingsmøte med leiinga i KCA Deutag i går, 7.august angåande seilingsavtalen for «Cattane» i 2019.  SAFE har varsla søksmål til arbeidsretten på denne saka, men ynskjer sjølvsagt ei lokal løysing om den gjer den utteljinga som er nedfelt i seilingsavtalen.  Og det var etter at juridisk avdeling i SAFE varsla søksmål at det vart fart på saka.  Me hadde møte med leiinga i KCA Deutag ved adm.dir, operasjonsdirektør og personalsjef.  Moduklubben sin klubbleiar var og med, samt 2 av dei som var med på seilinga.

Me drøfta rundt avtalen med intensjonar, samt kva som faktisk står skrive og kva me har fått av råd frå forbundet vårt.  Det vart og ei avklaring på kva som faktisk er betalt ut i samband med seilinga.

KCA Deutag vil kome tilbake til oss innan 19 august 2019.  Me håpar jo sjølvsagt at me slepp å gå til arbeidsretten med saka, men her har me ikkje noko å gi.

Lærlingar;

SAFE-klubben har fleire gonger oppmoda om å få lærlingar inn i bedrifta, både på Modu og plattformboring.  På siste månadsmøte fekk me tilbakemelding om at ein vil seriøst prøve å få dette til, men skal undersøke kva som i praksis må til og økonomien i dette.  Me har lagt vekt på at det er sunt med yngre arbeidstakerar, som ofte løftar oss gamlingar reint faglegJ, dei er ein ekstra ressurs, og det gir KCA Deutag eit godt omdøme å ha lærlingar.

Klokker;

Det er sendt ut klokker til medlemene våre på alle installasjonane me har operasjon på.  Ta kontakt med tillitsvalt om bord. Dette er arbeidsklokker som me har fått gode tilbakemeldingar på så langt.  Og berre så det er sagt; det er klubben som har handla dei (payback-time 🙂 ), eit fellesinnkjøp med andre SAFE-klubbar.

Lokale lønsforhandlingar;

20.-21.august er det lokale lønsforhandlingar.

På Modu er det fordelinga av 1% av ramma som skal drøftast, her har me i saman med Moduklubben kome med innspel på kva stillingar det bør gjerast justeringar på.  Alle er her sikra eit minimumstillegg etter meklinga.

For landtilsette og individuelt løna på plattformboring må me forhandle fram kvar krone, dvs. ut frå konkurransesituasjon, økonomi m.m. Me meiner å ha gode argument for desse tilsette spesielt i år.

For å være like robuste i forhandlingane som i fjor, har me invitert Lederne og Oljearbeidarforeningen (IE) til førebuande møte i neste veke for å forhandle samla lokalt.  Det er dei same gruppene me forhandlar for.

Bergen 8.august 2019

Bjarte Lygre

Klubbleiar

SAFE i KCA Deutag

Tlf 55986810

Mobil 93600127

Bjarte.lygre@kcadeutag.com

Skriv ut siden