Sommaren snart over, streika er over, og 2 veker sidan sommarferien var over
Streika på rederiområdet;
Streika på område rederi vart avslutta etter 10 dagar, då me fekk fullt gjennomslag for ikkje å miste pensjonsrettane. I KCA Deutag var det berre på Askepott streika vart sett i gong, og var i vel 2 dagar. Askeladden var tatt ut i første streikeuttak, men her fekk ein vanskar med brønn. Askepott var i andre uttak, men streika vart avslutta etter vel 2 dagar.
Me har nokre tvistesaker på kva tid medlemer i streik skal tilbake på løn.
I det store og heile har KCA Deutag elles hatt respekt for at me hadde ei lovleg streik, og fylgt spelereglane betre enn dei fleste rederia.
I og med at det var eit fåtal av medlemene som vart råka av streika, har styre vedteke å betale ut ekstra streikebidrag til dei som vart trekt i lønn;
SAFE sentralt betaler ut kr 113 i timen for tapte offshoretimar.
SAFE-klubben i KCA Deutag betaler i tillegg kr 100,-.
Streikebidrag er skattefritt.
Om ein legg godviljen til tilsvarer dette lønnsgruppe E5 minus skatt.
Me meiner faktisk at arbeidskamp er noko av det viktigaste me skal være rusta for i SAFE, og at kontingentpengane skal nyttast til dette når me må forsvare avtalane våre.
Det har elles kome ut noko «svada» frå nokre tillitsvalgte i andre fagforbund i samband med streika. Om de vil lese fakta, ligg dette på Facebooksida vår. Kan legge til at medlemene (grasrota) undeteikna har møtt frå alle forbund støtta saka vår.
Feriepengar og virksomhetsoverdragelse
SAFE-klubben har saman med Oljearbeidarforeningen inngått ein avtale med KCAD at feriepengar for dei som går over til Archer 1/10-18, får utbetaling 20.januar 2019.
Dette for å unngå høg inntekt i 2018 samt unødig skattetrekk, noko bedrifta må ta om feriepengane vert utbetalt i oppteningsåret.
Avtalen/protokollen forpliktar alle som er omfatta av virksomhetsoverdragelsen.
Lokale lønnsforhandlingar landtilsette og individuellt avlønna
Me er innkalla til forhandlingsmøte med leiinga for lokale forhandlingar 28.august.
Det er uvisst om desse og vert for Modu.
Dei siste åra har dei individuellt avlønna i «drilling» ikkje fått lønnstillegg, ein stiller her svakt med omsyn til streikerett, då det er basert på «de 4 kriterier»;
Bedriftens økonomi, produktivitet, framtidsutsikter og konkurranseevne.
Me meinar at spessiellt på produktivitet har våre medlemer verkeleg gjort ein kjempeinnsats gjennom bølgedalen me har vært i. Noko me vil krevje betalt for!
«SAFE-skolen» er i gang, og i haust er det sett opp fylgjande kurs som er grunnkurs/modul 1 for tillitsvalte (på fri…);
- – 27. september i Tønsberg SAFE i Esso Slagen, med fleire
- – 17. oktober i Stavanger SAFE klubben ESS, med fleire
- – 31. oktober i Stavanger SAFE klubben i Teekay Petrojarl, med fleire
De kan melde dykk på til anita@safe.no, sett gjerne underteikna på kopi.
SAFE dekker kurs, reise og opphold. Ingen lønn.
Møter er no betre enn arbeid
20.august er det møte med leiinga i Modu, 28.august lokale forhandlinger, 11.september forbundsstyremøte SAFE, 12 september styremøte SAFE-klubben.
Kom gjerne med saker de ynskjer me skal ta opp! Minner om mobilreglane offshore! Det er nok ikkje utenkeleg at ein må legge telefonen att på land om det vert fleire brot på reglane for når telefonen kan nyttast/stå på.
Med helsing
SAFE-Klubben i KCA Deutag
Bjarte Lygre
Klubbleiar