Informasjon fra SAFE-klubben i KCA Mai 2017

SAFE-kubben i KCA vart starta i 2012, og har no omlag 120 medlemmer.
Det er 3 grupperingar, dei fleste jobbar på sokkel/plattformboring, me har ein del landansatte, i seinare tid har medlemstalet auka mykje på «flyt» (MODU).

Dei siste månadene har klubbarbeidet hatt mest merksemd på organisering av vårt nye datterselskap KCA Deutag MODU, som skal drifte nyriggane Askeladden og Askepott.

På årsmøtet i år vart det vedteke å holde nytt årsmøte når personell var ansatt på begge dei nye riggane.

Ekstraordinært årsmøte blir 13. september anten i Bergen eller ombord på Askeladden på Ågotnes. Meir informasjon om dette kjem. Målsettinga med årsmøtet er at me skal få eit hovedstyre som er samansett av tillitsvalgte frå alle grupperingane medlemmer.

Så langt har klubbleiar hatt 1/4 stilling «frikjøpt tid», alt anna klubbarbeid er dugnadsbasert.

Avtalar MODU (Askeladden/Askepott):

Dei som arbeider i datterselskapet KCA Deutag MODU er anten på individuell avtale, eller på tariffavtalen med Norges Rederiforbund (NR).

Klubben i KCA er part på denne avtalen gjennom SAFE.

Det er unntak frå denne avtalen for arbeid i Korea (trening og commissioning), samt seiling frå Korea til Norge.

Her har me eigne avtalar som SAFE-klubben i KCA er part i (lokal/særavtale).
Det vil og kome eigne avtalar for trening/oppstart når Askeladden kjem til Ågotnes.

Me er i forhandlingar med KCA om ein felles samarbeidsavtale for tillitsvalgte og klubbarbeid;

På sokkelavtalen er det ikkje sett opp noko fast m.o.t. kva som er «nødvendig tid» for klubbarbeid, på «NR-avtalen» er dette avtalefesta etter medlemsantal (50-100-250 medlemmer osv.)

For å komme i gang, og vidare med ein aktiv klubb, har me lagt fram eit avtaleforslag som er litt dårligare enn NR-avtalen på nokon punkt (overtid klubbarbeid), men bedre enn ordninga me har i dag (ingen godtgjersle styrearbeid mm)

Det er ikkje løgn at me har kome seint «på banen» på dei nye riggane, men våre medlemer er like godt dekka avtalemessig som andre klubbar no.

Det er heller ikkje løgn at SAFE og hovedorganisasjonen YS ikkje gir økonomisk støtte til politiske parti 🙂

Med fleire medlemmer står me sterkare!
MEN; me vil ikkje auke medlemstalet med «skitkasting» om andre fagforeningar!
Minner om at det er vervepremiar, om du går inn på «Min side» på SAFE.NO
Om du ikkje finn medlemsnummeret ditt, kan du få det av undertegna.

Sentrale forhandlingar – mellomoppgjer;

I desse dagar er det forhandlingar på sokkelavtalen (Norsk Olje-og Gass – SAFE), og i neste veke er forhandlingane på NR-avtalen. Dei siste 3 åra har me hatt ein reallønnsnedgang, så desse forhandlingane kan bli krevande. Oppdateringar blir lagt ut på SAFE.no

Informasjon om SAFE i KCA og oppdateringar;

For dei som er på Facebook, er det fint om de går inn på «SAFE i KCA Deutag» og likar sida.
Me har og ei heimeside; kcadeutag.safe.no som de kan sjå innom. Det er her det er enklast å legge ut oppdateringar.

Då klubbleiar Per G. Hallem har vore sjukmeldt i vår, har underteikna fungert som klubbleiar, i tillegg til full jobb som operasjonsplanleggar/assisterande borar på Kvitebjørn.

Ta gjerne kontakt på mail, messenger eller telefon!

Kvitebjørn 22.mai 2017

SAFE-klubben i KCA
Bjarte Lygre
Nestleiar
bjarte.lygre@no.kcadeutag.com
Tlf 93600127

Skriv ut siden