Medlemstalet har hatt ein stor auke sidan sist, og samla medlemstal er no nærare 200 enn 100
medlemer 🙂
Om de kjenner nokon som «sit på gjerdet» og vurdere medlemskap i SAFE, bør dei lande før
nyttår! Dette har faktisk påverkning på vårt økonomiske handlingsrom neste år.
For dei som har vore flittige å verve nye medlemer, kan dei ta kontakt med oss i klubben med
omsyn til premiar og vilkår/dokumentasjon.
Avrekning for MODU-tilsette skal bli sendt ut i næraste framtid. Om det er timar de ikkje finn
eler meinar er feil, kontakt personalkoordinator, eller oss om de ikkje når fram. Og berre så
det er sagt, det er kun SAFE-medlemer som får hjelp frå klubben!
Underteikna er no på fulltid for dykk, altså medlemene i SAFE-klubben. Eg har diverre ikkje
langtidshukommelse på navn, men skal prøve å treffe fleste mulig på utreise/rigg.
Elles må me prøve å organisere tillitsmannsapparatet vårt før årsmøtet, og velje/utpeike
tillitsvalgt/kontaktperson på skifta der me har medlemer nok.
Om de ikkje har fått SAFE-genseren enno, ta kontakt ein dag og to før
utreise, så skal eg prøve å få levert ut denne.
Her er halve styret i klubben + IT-ansvarlig om bord på Askeladden denne veka;
Kristian Stange, Bjarte Lygre, Bjørn Tore Jensen, Bjørn Kjelstadli, Raymond Magnussen
Tillitsvalgtkurs Bergen 17.-18. Januar 2018
Dette kurset er berekna på ALLE som er kontaktpersonar/tillitsvalgte på skift-og
styremedlemer som ikkje har dette frå før. Det kan gjerne være fleire deltakarar pr. skift og.
SAFE i Statoil som organiserer kurset, og SAFE dekkar alle utgifter.
Kontakt undertegna, eller send mail til klubben om du vil være med!
Innhaldet i kurset er dekkande for tillitsvalgte både på sokkelavtale og «flyt», som de kan sjå
av vedlegg.
Årsmøte-og Tillitsvalgtkonferanse SAFE-klubben
Me planlegg årsmøte 12.februar 2018 i hjarta av Hardanger (Steinsdalen), med påfølgande
tillitsvalgtkonferanse 13.-14. februar på Thon Sandven Hotell, Norheimsund. Årsmøtet og
tillitsvalgtkonferansen er for styret med varamedlemer og crewtillitsvalgte. Godtgjersle vert
som avtalt lokalt i samarbeidsavtale mellom SAFE-klubben og KCA Deutag.
Anbud Statoil – 18 «faste» installasjonar;
Her er me med i prossesane, då spesiellt på «scope of work» og tilhøyrande bemanning.
Denne prosessen har me på alle installasjonane.
Tidkrevjande, men naudsynt. Statoil vil ha ei bemanning frå oss som dekker mange tenester
som serviceselskapa har gjort til no, og dette kan me ikkje velge bort. Her er då kunsten å ta
høgde for nok personell til operasjonane, utan å gå for høgt eller lågt i høve til forsvarleg
bemanning. Arbeidet med desse bemanningsplanane er så langt konfidensiellt for dei som har
delteke.
SAFE-kontoret på Espehaugen vert stengt i romjula, men e-post til
undertegna vert lese.
Er tilbake 2.januar, men vert «fråværande» i samband med områdemøte sokkel og
forbundsstyremøte i januar 2018.
Elles er Askepott på lokasjon ved Oseberg H tirsdag, Askeladden hadde ein tur utom Fedje,
og returnerte til Hjeltefjorden ved Ågotnes i påvente av værvindu.
Me ynskjer dykk alle ei God Jul & Godt Nytt-År!
For SAFE-klubben i KCA Deutag
Bjarte Lygre
safe@no.kcadeutag.com