Informasjon fra SAFE-klubben mars 2019

Fagforeningen i KCA Deutag

Mykje har skjedd sidan sist info til medlemene, får trekke «hjertekortet» då underteikna er
50% sjukmeldt til påske, men ikkje dau!
Ta kontakt om det er noko me kan hjelpe med!

Fleire tilsette offshore;
Framover vil det være bruk for om lag 130 nye tilsette i selskapa, dei aller fleste på
plattformboring grunna planlagt oppstart Kvitebjørn utpå hausten 2019.
Elles vil ein måtte styrke kompetanse-og ressurspoolane i begge selskapa, dette for å
redusere unødig overtidsbruk. Dette er ei sak SAFE-klubben prioriterer saman med andre
foreningar (Modu-klubben/Oljearbeidarforeningen).
Det kjem både interne og eksterne utlysingar på ledige stillingar utover våren, treng ikkje
søke før dette kjem ut . Sjølv om det vert ledige stillingar, er det ikkje sikkert ein får byte
mellom selskapa (Modu/drilling), men ein må søke om ein er interessert.

Tvistesaker – løn;
Det går diverre unødig mykje tid på tvistesaker på alt frå pensjon og seilingsavtale til løn
etter streika i sommar. Pensjonssaka (bilag 4 NR-avtalen) kan havne i rettsystemet, men må
først handsamast av både rederiforbundet og SAFE juridisk avdeling.
Seilingsavtalen hadde me tvistemøte SAFE/NR på for 2 månader sidan, men no skal bedrifta
gå ein runde til med seg sjølv på denne, var tilbakemeldinga frå reiarlaget på fredag.
Når det gjeld løn for individuelt løna på Modu/NR-avtalen har marknaden og vist at
lønsnivået er lågt. Det var få stillingar som var i nærleiken av snittløna innan bransjen i fjor.
Sjølv om enkelte grupper vart løfta noko, er det eit stykke att til konkurrerande verksemder,
som og har lange kontraktar. Me ynskjer å løfte flest mogeleg individuellt løna FØR
forhandlingane i mai.

STREIK?? I år og?? Nei og nei…..
Nei, me håpar ikkje det. Men om ikkje medlemene er viljuge streike for å behalde rettane
og løna, då treng me ikkje forhandle heller. Då kan me berre få ein mail om kva det passar å
avsjå til oss. På rederiområdet er det streikerett på løn i år.
På sokkelområdet og «bransjeavtalen» noko meir komplisert, men redusert streikerett på
mellomoppgjer.
Når det gjeld frontfagmodellen, som er konstruert på Youngstorget, er dette eit lønssystem
som absolutt ikkje har noko å gjere i vår bransje. Me er knyta opp mot internasjonal
økonomi og oljepris. Kort fortalt har me godteke reduserte oppgjer når tidene er dårlege i
oljebransjen, noko me har sett både ved olje-og finanskrisa. Når marknaden er på veg opp,
skal me ha tilbake det tapte. Frontfagtilhengerane vil me då skal godta det same som
industrien på land i gode tider, og marknadstilpasning i trange tider.
Etter neste oljenedtur er me då på industriarbeidarløn land. Truleg utan reisedekning og .
Og diverre slit me i forhandlingar, når nokre forbund godtek lønsoppgjeret når ein har fått
«frontfagtillegget».

Nytt namn??
Kanskje det , me er einaste fagforening i KCA Deutag i Norge som har avtalar for sokkel,
rederi, leiing og landtilsette.
Og så er det sjølvsagt påverka av SAFE-klubben i Vår Energi (tidlegare Exxon/Point), der
heiter SAFE-klubben «Fagforeningen i Vår Energi». På Ringhorne har operatøren berre ein
klubb –og det er SAFE det!
Me vil gjerne høyre di meining om «nytt» namn.

Ymse;
SAFE sokkel i Equinor;
Det har vært ein del oppslag og snakk om kva som skjer i SAFE sokkel i Equinor, om dei er på
veg ut av SAFE. Det er ei lang historie de kan lese på SAFE.no, her er kortversjonen;
På kongressen i 2017 skulle det veljast arbeidsutval (heiltidstillitsvalte for 3 år) i SAFE.
Equinor sokkelklubb hadde andre kandidatar enn valkomiteen som dei ville ha inn, noko som
medførte at andre deler av SAFE mobiliserte. Kort fortalt enda valet med at det berre er
leiaren, Hilde-Marit Rysst, som er frå Equinor i AU. Då valgte Equinor-kandidatane til
forbundstyret å trekke seg. Fullt lovleg, men me burde sjølvsagt hatt representantar frå
største SAFE-klubben i forbundstyret. Etter kongressen var det krefter i sokkelklubben i
Equinor som ville utgreie om dei skal tilhøyra andre forbund. Så langt er det berre Lederne
som er aktuelle utanom SAFE. Og det vil nok alltid være SAFE-klubb for sokkel i Equinor.
Men det er noko uro og «nedsnakking» som ikkje er bra i denne prosessen.
På Equinor sine landanlegg med hundrevis av medlemer, er det SAFE som gjeld.
Nye madrassar på Askeladden og Askepott;
Det var eit oppslag på riggane om at eit anna fagforbund hadde fiksa dette. Reknar med dei
ordnar det med auka kontingent då . Vel, her har både vernetenesta og enkeltpersonar
jobba for å få ei løysing, som truleg er på plass i løpet av våren.

Norsk Olje og Gass – konferanse tillitsvalt arbeid;
12.februar innkalla Norsk Olje og Gass SAFE-klubbane, IE og nokre klubbar av Lederne til
konferanse for å definere kva hovudavtalen NHO-YS/LO kan gje / definere nødvendig tid for
m.a. tillitsvaltarbeid. Denne datoen hadde me årsmøte, noko som var planlagt lenge før
NOG kom med konferansen. Og då seier det seg sjølv kva som vart prioritert! Me hadde
dialog med andre SAFE-klubbar som deltok både før og etter konferansen, som ikkje gav
nokon betring i arbeidstilhøva for tillitsvalte. MEN grunna samarbeidsavtalen SAFE-klubben
har i KCA Deutag er tillitsvalte på sokkelavtalen på betre vilkår enn det ein vil oppnå på
hovudavtalen med NHO/NOG dei næraste 10 åra!

Skiftordning plattformboring;
Det har vært avstemming på kva skiftordning ein ynskjer å gå på Oseberg C;
Nær 90% av dei tilsette i KCAD ynskjer å gå første veka nattskift, siste veka dagskift, altså
motsett av kva ein er pålagt å gå no. HVO Roger Jakobsen jobbar vidare med å få endra
skiftordninga i samråd med kva dei som faktisk arbeider skift ynskjer.

Parkering offshorepersonell Espehaugen;
Minner om parkeringsplassar til dei som nyttar eigen bil ved utreise frå Flesland. Det er sett
av 20 parkeringsplasser på Espehaugen. Minner om at de slepp skatt på denne parkeringa,
noko som utgjer 5-600 kroner kvar tur. Drosje til/frå heliport er skattefritt. Det er og
alternativt spaserturen på 17 minutt .
Etter kvart vert det truleg pålagt å nytte desse parkeringsplassane om ein brukar privatbil til
arbeidsreisa. Legg lapp med tilsettnummer/rigg i bilvindauget.

Styret i KCA Deutag Drilling Norge AS;
Det vert sendt ut informasjon til tilsette i drilling om nominering av kandidatar til styret.
Her har alle då rett til å nominere gode SAFE-erar innan fristen. Sjølve valet vert etter påske.

Espehaugen 25.mars 2019
Bjarte Lygre
Klubbleiar
SAFE-klubben i KCA Deutag Fagforeningen i KCA Deutag

Klikk på linken under for en utskriftsvennlig versjon:

Info Fagforeningen i KCA Deutag 25.mars 2019

Skriv ut siden