Informasjon SAFE-klubben i KCA Deutag 31. august 2018
Lokale forhandlingar;
Me var innkalla til lokale forhandlingar tysdag 28.august, men dette vart utsett av leiinga i KCAD. Ny dato er ikkje sett i skrivande stund. Uansett vil tillegg gjelde frå 1.juli 2018. Men, det hastar for dei individuelt lønna som skal over til Archer 1/10-18! Me har samsnakka med Lederne og Oljearbeidarforeningen om krav me vil setje fram. Desse forhandlingane gjeld for landtilsette og offshorepersonell på «faste».
Møte leiinga Modu;
16.august hadde me møte med leiinga i Modu saman med Moduklubben.
Også her vart det lagt fram lønskrav for ikkje tariffert mannskap med vekt på grupper som ligg langt under gjennomsnittsløna for rederiområdet. Her er ein garantert eit tillegg på kr 20 000,-, med ei ramme for denne gruppa på 2,8%.
Me drøfta og prosedyrar, og «ein til ein» samtalar med signering for at ein skal fylgje alle reglar. Og det er fortsatt lov å gjere feil!
Uansett gjeld KCAD sine personalprosedyrar, der ein har rett / krav på samtale før mogelege konsekvensar vert iverksett.
Det vart og gjort greie for storleik på ressurspoolen som vert lagt inn i budsjett neste år. Det vil bli noko endring på stillingar i poolen ut frå røynsler med fråvær så langt i år. Fråværet er på om lag 3,5 % på Modu, 11 personar i poolen. Me har ynskje om større ressurspool, då det og vil kunne dekke ekstrajobbar, og redusere innleige.
Me tok og opp at ein må budsjettere for fleire kurs for opprykkskandidatar.
Virksomhetsoverdragelse Gullfaks;
1.oktober vert nær 300 tilsette overført frå KCAD til Archer på Gullfaks. Fast tilsette og kompetansepool-medlemer vert då overført til SAFE-klubben i Archer. Me har hatt tett dialog med Archerklubben i samband med dette. Feriepengane de har til gode i KCAD vert utbetalt i januar, dette for å unngå skattetrekk og ujevne inntektsår i høve til skatt. Om det er andre saker me kan hjelpe med, ta kontakt.
I styret i SAFE-klubben går Per G. Hallem og Dan Frode Karlsen over til
Archer. Fram til årsmøtet neste år går varamedlemene Roy Vegar Hope og Jim Tore Liøen frå sokkel/NOG-området inn på faste styreplasser.
Archer har tillitsvaltkonferanse i oktober. Plasstillitsvalte som går til Archer kan delta på denne.
Streika på NR-området;
Ekstra streikebidrag frå klubbkassen er no utbetalt til dei som var i streik. Når det gjeld resultatet av streika, det vil seie retten til 1G for tilsette over 50 år etter 1.juni 2018, er det berre SAFE som har denne i sin tariffavtale no. Dette kan de gjerne gjere nye kollegar merksame på!
Tillitsvalt kurs/SAFE-skolen;
Det ligg ved eigen informasjon om 3 tillitsvalt kurs. Det er mogeleg det og vert sett opp eit kurs til i Bergen nærare jul. Om de vil delta, kontakt underteikna, eller set meg på kopi ved påmelding.
SAFE dekker kurs og reise. Det vert ikkje betalt løn for desse kursa, men dei er nyttige for alle som vil ha kjennskap til lover og reglar i arbeidslivet. Så nyttige at også underteikna skal gå på eit av kursa 🙂
Ymse;
På dei riggane med plattformboring me har att etter 1.oktober, er det operasjon på Oseberg B, Oseberg C og Oseberg Sør. På Ringhorne vert det fullt mannskap frå 1.november.
Me ynskje «våre» nyvalte HVOar på Oseberg B, Bård Arne Thowsen, og Oseberg C, Roger Jakobsen lykke til med sine nye verv!
Simen Eik Kalve fungerer som K-HVO på Modu for tida, då Øyvind Grøteide har permisjon.
Sauda 31.august 2018
Bjarte Lygre
Klubbleiar
SAFE i KCA Deutag