Informasjon midt i mai 2019

Fagforeningen i KCA Deutag

Forhandlingar sokkelavtalen 7.-9.mai 2019;

Som nevnt i informasjon til dei som er på sokkelavtalen; Det vart også i år eit samordna oppgjer, noko som har fråteke oss og IE streikeretten på forhandlingane. Lederne har «fulle rettar» med mogleg mekling og streikerett. Etter 2 dagar med forhandlingar kom 3. tilbod på bordet. «Lederne» gjekk til brudd, det vil seie dei skriv ein bruddprotokoll og går vidare til mekling . Etter dette brøyt SAFE og forhandlingane, og skreiv ein uenighetsprotokoll med Norsk olje og gass, då me ikkje har streikerett eller kan gå vidare til Riksmeklaren. Me hadde tett dialog med Lederne under forhandlingane. Både Industri Energi og Lederne var invitert til samarbeid med SAFE før forhandlingane.

Og så må me få takke Oljearbeidarforeningen for nye SAFE-medlemer etter grov feilinformasjon om vår rolle i forhandlingane. Det vart påstått at me hadde akseptert tilbodet frå Norsk olje-og gass, og dermed låst vidare forhandlingar. Dette trudde ikkje eingong IE-medlemma på ☺.

Mongstad base;

KCA Deutag har hatt ein runde med vurdering om dei skulle setje ut basetenestene på Mongstad til andre firma, då dette ikkje er vår kjerneverksemd. Dette er ein prosess som har gått sidan nyttår. Me fekk melding før helga at me framleis skal drive basetenestene med eigne tilsette. Det blir også ført opp ein stort nytt basebygg på Mongstad.

Seilingsavtale – møter med Moduklubben IE og leiinga KCA Deutag;

Tysdag 14.mai hadde me møte med leiinga i KCA Deutag Modu om Seilingsavtalen. Denne var for segling frå Korea til Norge med Askeladden og Askepott sommar til haust 2017. Me har her tvisteprotokoll. Me har hatt møte med forbundet og Norges Rederiforbund tidlegare i år.

Saka vart ikkje løyst lokalt. Me tek den difor inn att til forbundet, ny runde juridisk før me går vidare. Me håpar, men kan ikkje love, at saka vert meldt inn til domstolane før sommarferien.

HMS-konferanse;

SAFE arrangerer ein stor HMS-konferanse; Fullt forsvarleg.

Denne går på Residence i Sandnes 12.-13.juni 2019. Konferansen er open for alle, også dei som ikkje er medlem i SAFE.

Av viktige saker på programmet kan nevnast;

kjemisk eksponering/eksos/damp/benzen/ultrafine partiklar, støykilder, yrkeskader og rettsvern.

HVO Askepott Simen Eik Kalve vil ha eit innlegg om brukarerfaring med Mud Cube.

Onsdag kveld vert det tur med MS Sandnes til Lysefjorden, sjømat og skalldyr.

Er du interessert, les meir på SAFE.no, kontakt K-HVO Øyvind Grøteide eller underteikna.

Forhandlingar rederi;

Det vert forhandlingar på rederiområdet 27.-28.mai i Oslo.

Det er sett opp kravliste, no krev me auka kjøpekraft!! Bjarte Lygre deltek for SAFE-klubben i KCA Deutag.

Her har me streikerett, så me forventar betre oppgjer enn på sokkel.

Styremøte;

Siste styremøte i fagforeningen før sommaren vert tysdag 21.mai. Har du tankar/meiningar om klubbdrift/verving/informasjon med meir, kontakt ein av oss i styret.

Me er her for medlemene, ikkje motsett!

Val tilsetterepresentantar KCA Deutag Drilling Norge AS;

Det er no opna for val av tilsette sine representantar til styret i KCA Deutag Drilling Norge AS. Modu hadde tilsvarande val i fjor.

Valet er fritt, men me oppmodar til å røyste på Elisabeth Alsaker, Johannes Gaassand og SAFEerane som står på lista.

Parkering Espehaugen offshorepersonell;

Det er lagt opp til 20 parkeringsplasser for offshoretilsette på Espehaugen.

Adm.dir Bjarne Tresselt har oppteljing kvar morgon ☺ I dag var talet 5 bilar.

Oppmodar alle som nyttar bil i samband med utreise Bergen å parkere her. De sparer skatten på parkeringa, og får dekka drosje til/frå helikopterterminalen …skattefritt. Lapp i vindauge med tilsettnummer/rigg, det er alt.

Bergen/Sauda 15.mai 2019

Fagforeningen i KCA Deutag – SAFE-klubben Fagforeningkcadeutag.no

Bjarte Lygre

Klubbleiar

safe@kcadeutag.com

Skriv ut siden