Informasjon påsken 2020 Fagforeningen i KCA Deutag

Det har vært mykje informasjon i seinare tid, og truleg har ikkje alt nådd fram til medlemene. Har 13 sider med stikkord frå møter med forbund, KCA Deutag, områdemøter rederi-og sokkel, som eg skal spare dykk for. Men i tider som dette er no underteikna glad for å være i ein særs effektiv organisasjon som fagforbundet SAFE er. Og at KCA Deutag er ei «trygg hamn» kan me vel og seie så langt, sjølv om me langt frå er samde i alle sakene, og har fleire tvistesaker som går på godtgjersle for utreisekarantene, svingskift og mogelege permitteringar.

SAFE har stått fast på tariffavtalen me har med rotasjon, noko som no alle ser var eit gode, då dei fleste no er på sine fastsette utreiserotasjonar. Dei som har fått utvida periodar, har fått dette kompensert etter avtalane, og dei som ikkje har reist ut har behalde lønna si.
Så langt har det blitt permitert mindre enn ti personar av dei om lag 1000 tilsette i selskapet, desse jobba på prosjekt for RDS.
Då det heile starta for vel fem veker si, såg me det som mogeleg at det ville bli permitteringar frå påsketider, og mogeleg før det og.
No veit me at oljeprisen er låg, og at lagera byrjar å fyllast i heile verda, så framleis kan bilete på dette med full sysselsetjing i det norske selskapet endre seg. Men slik er no eingong bransjen vår.

Operatørane prioriterer produksjonsboringa, men reduserer på leiteboring. Og der er ikkje me. Fleire av våre medlemer har teke ut omsorgspermisjon grunna ektefeller/sambuarar i samfunnskritiske stillingar. Det er lagt opp til at desse ikkje skal tape økonomisk på dette.
I klubben har me lagt opp til at dei tillitsvalde skal få fyldig informasjon om kva som rører seg, og formidle dette om bord. I tillegg har «han innante» dukka opp med direktesending på Facebook-sida til klubben. Me har og lagt ut noko info på den lukka Facebook-sida til klubben som skal være tilgjengelig for alle medlemer. Elles vert det lagt ut info på safe.no så snart noko skjer, og tidvis på fagforeningkcadeutag.no, som er klubben si heimeside.

Ny K-HVO Modu

Øyvind Grøteide har valgt å avslutte sitt arbeid som K-HVO i KCA Deutag av familiære årsaker frå 1.april. Me takkar Øyvind for jobben han har gjort for vernetenesta frå den starta opp for to år si!
Simen Eik Kalve tek over som K-HVO i 50% stilling frå same dato. Simen er HVO på Askepott, og vil reise offshore 50% framleis. Han overtek resten av Øyvind sin periode til 15.juni 2021 i første omgang.


Brevet frå Joseph;

Konserndirektøren for heile KCA Deutag sende eit skriv til alle tilsette i førre veke. Dette vart følgt opp med e-post frå adm.dir Bjarne Tresselt på søndag, etter drøftingar med fagforeiningane.
Om nokon landtilsette ynskjer – heilt friviljug – å gå ned i arbeidstid med påfølgande reduksjon løn, kan dei melde dette inn til sin overordna. Ingen skal bli «tvungne» til dette. Våre landmedlemer veit eg at har minst 100% jobb, og vel så det!
Elles skriv Joseph at m.a. all underhaldning skal opphøyra. Det er ein del år si den slags gjekk på firmarekning i Norge 🙂

Nye medlemer – velkomstgåve SAFE

Me vil no prøve å få levert velkomstgåvene til nye medlemer om bord på riggane eller på kontoret, med unntak av Ringhorne. Men så kom reiseavgrensingane. Difor er det no 10-15 velkomstgåver i karantene inst i Ryfylke. Det er kome nokon til Askeladden denne veka, nokre kjem til Askepott neste veke, elles vert utsendinga organisert når gåvene kjem til Bergen. Minner om at beste rente for medlemer i Nordea Direct no er 1,69%


Framleis God Påske, hald avstand og vask hendene 🙂
Sauda 9.april 2020
Bjarte Lygre
Klubbleiar
SAFE-klubben i KCA Deutag

Skriv ut siden