fagforeningkcadeutag.no
I desse førvalstider må me minne om at SAFE er ein fagforening, og ikkje ein del av eit politisk parti. Me er ein fagforening som arbeider for oljearbeiderane sine vilkår.
SAFE-klubben vår har, som einaste fagforening i KCA Deutag, avtalar gjennom SAFE med Norges Rederiforbund for alle tilsette i Modu, Norsk Olje og Gass har me sokkelavtalen og «bransje»/oljeserviceavtalen for leiande-og landtilsette.
SAFE er heller ikkje eit forsikringsselskap, MEN som medlem får du gode vilkår på dette i Gjensidige. SAFE ser på det som viktig at medlemene tek kurs/fagbrev som ein ikkje får dekka av bedrifta. Støtta er auka til inntil kr
7500,- pr halvår
Me har og mange andre gode avtalar på alt frå Scandic og Choice hotell, til drivstoff, elektromateriell, verktøy, dekk,
ferger, straum, og mykje meir.
Reiserekningar
Dette har blitt ei varm potet etter informasjon som vart sendt ut frå leiinga etter førre månadsmøte me hadde. Og formuleringane var nok uheldige (på bokmål) KCA Deutag vil fylgje norske lovar og reglar når det gjeld frist
for kva tid dei er for gamle. Ein leverer reiserekningar så snart ein kan, spesielt når det kan være kundekostnad.
Grunnen til at saka kom opp var at KCAD ikkje fekk vidarefakturere reiseutgifter til kunde, då desse kom for seint
inn til å fylgje månadsfaktura. Her har firmaet tapt mykje pengar. Vanleg offshorereis får ein ikkje dekka av kunde.
Tilrår alle reisande å bruke reiserekningsappen OCS HR Expenses, der ein kan laste opp vedlegg og skrive reiseutlegg/diett/køyring m.m. Her tek ein berre bilete av kvitteringane, så ligg dei i reiserekningen.
Ymse;
Det nærmar seg forhandlingar om løn på både sokkel-ogrederiområdet. Det vert difor få dagar det vert nokon på
klubbkontoret dei neste vekene. Dei fleste har vel fått med seg at me treng nye medarbeiderar i KCA Deutag Drilling Norge AS, altså på sokkelavtalen, for å starte boringa på Kvitebjørn til hausten. Dei som er i KCAD og klare for opprykk, må søke om dette.
Elles vil det bli auka mannskap på Modu og, for å redusere overtid og innleie. Det er lønsjusteringar på gong for dei individuelt avløna; På «drilling» skal startløna til dei som ikkje er på tariff justerast opp gjeldande frå 1.januar 2019, dette for at det faktisk skal løne seg å rykke opp for å ta meir ansvar!
På Modu hjelper marknadssituasjonen på med at det vil bli justeringar på fleire stillingar før lønnsoppgjeret i år.
Inst i Ryfylke april 2019
Bjarte Lygre bjarte.lygre@kcadeutag.com
Klubbleiar SAFE-klubben safe@kcadeutag.com