Informasjon SAFE i KCA juni 2017

Juni byrja med møter med leiinga angåande reduksjon i bemanninga på base, personal og finans, samt ein del stillingsendringar på offshorebemanning. Alle dette gjeld skal no være informert.

Det vart og informert om bortfall av framdriftsbonus for offshoretilsette, og at ein ynskjer ei form for belønning av mannskapa som har høgt nærvær, utan at det er avklart korleis denne vil bli. Det er høgt sjukefravær i KCA, mange prosent høgare enn det konkurrentane våre på boring har.

Kompetansepool vart og drøfta i møta me hadde, denne er liten i forhold til fråværet i bedrifta. Det vert nytta mange vikarar for å dekke opp fraværet. Me ynskjer at det meste av fråværet skal dekkast opp med fast tilsette på kompetansepoolavtalen.

I samband med drøftingane om ovanforståande har me hatt dialog med både IE og Lederne i KCA.

I juni var det også klubbleiarmøte, ekstraordinær kongress og Områdemøte for tariffområdet sokkel i SAFE.
På klubbleiarmøtet var det godkjenning av rekneskap m.m.
På den ekstraordinære kongressen vart det godkjent nye vedtekter i forkant av ordinær kongress i november. Det var ei tilpasning av organisasjonen til den nye kvardagen vår med ein reduksjon i medlemstalet for SAFE etter «oljekrisa» utan kontingentauke.
På områdemøtet for sokkel var det drøftingar etter tariffoppgjeret, samt ein det saker som ventelønn, kompetansepool m.m. vart gjennomgått.

Medlemstalet i KCA stig jevnt og trutt, både på sokkel og «NR»/MODU.

På grunn av sykkelVM i Bergen og hotellkapasitet, er datoen for ekstraordinært årsmøte flytta fram 2 dagar. Kvar årsmøtet vert, kjem an på seilinga for Askeladden, men denne er forsinka.

Årsmøte vert onsdag 13. september 2017, Bergen eller Ågotnes, kveldstid.

Meir informasjon om årsmøtet kjem.

Askeladden er skipa ombord på «Blue Marlin», IMO 9186338, i skrivande stund er denne då veg til Mauritius, før ferda går vidare til Las Palmas, og endar på Sotra om…50-60 dagar.

Det blir høg aktivitet ombord når skafta på Askeladden er parkert på botn med landgang på Ågotnes, med trening og klargjering av riggen.

Elles er klubbleiar Per G. Hallem sjukmeldt enno, underteikna fungerer som leiar inntil vidare.

Eg planlegg å vere i Bergen før min neste utreise for å gjere klubbarbeid, 8.-10. august. Ta gjerne kontakt på e-post, alt. telefon 93600127 om de har saker for klubben eller spørsmål, uansett dato .

 

Kvitebjørn 9. Juli 2017

SAFE i KCA
Bjarte Lygre
Nestleiar

Skriv ut siden