Forhandlingar – brudd – plassfratredelse – mekling – streik ??
Det nærmar seg no mekling på sokkeloppgjeret, 10.-11.juni 2022.
Om ein ikkje finn ei løysing på meklinga, vert alle våre medlemer på sokkelavtalen,
altså dei tarifferte, tekne ut i konflikt. Det same gjeld Industri Energi sine medlemer i KCA Deutag Drilling Norge AS. Brønnar skal sikrast og alt skal gjerast klart for å forlate plattforma før ei streik vert effektiv.
Dei individuelt løna på sokkel; borar, planleggar, vedlikehaldsleiar, jr.boresjef og boresjef er ikkje omfatta av sokkelavtalen, og skal ikkje i streik, men kan verte permittert og vil då ha krav på dagpengar frå NAV om ein melder seg.
Dei som er i sikkerhetsbemanning skal være om bord og mottek løn som vanleg.
Dei som er på friperiode mottek løn fram til planlagt utreise.
Dei som er omfatta av konflikt vil få minimum netto kr 198,- pr time ein skulle vært på jobb.
Streikebidrag er ikkje skattepliktig.
Eigne reglar for kompetanse & ressurspool.
SAFE dekker og reiseutgifter ein ikkje får dekka av bedrifta i samband med demobilisering / heim og utreise.
På Modu er det ikkje tatt stilling til kven me vil melde plassfratredelse for enno, dette skal me samordne 14.juni i område rederi i SAFE. Meklinga vert her 27.-28.juni 2022.
Me vil ha fleire Teamsmøter med tillitsvalte om kva som kan bli utfallet av eit brot i meklinga framover, desse kan og andre interesserte delta på om dei sender melding til underteikna.
Dei lokale forhandlingane for individuelt løna offshore og land i «Drilling Norge» er framleis planlagt 21.-23.juni 2022.
Dei som jobbar på Well Service opppdrag på Gullfaks C går ikkje på sokkelavtalen og vil ikkje bli tatt ut i evt. streik.
Medlem nummer 400 i klubben, og vervar;
Me ynskjer Knut Nesse, boredekksarbeidar på Askepott velkommen i klubben, som medlem nummer 400!
Dette er ein milepæl for oss! Takkar og Morten Sørensen for vervinga 😊.
Ein oppmerksomhet er undervegs til begge.
Nattillegg – karantene om bord på nattskift
I møte med bedrifta 2.juni fekk me stadfesta at personell som vart sendt på lugaren i karantene når dei skulle gått nattskift vil få utbetalt nattillegg for desse skifta.
Landsmøte SAFE, lokale forhandlingsmøter, sikkerhetsbemanning
Det er mykje møteaktivitet både lokalt og med SAFE med dei føreståande meklingane.
Det skal setjast opp sikkerhetsbemanning med tilhøyrande protokollar, lister over kven som har utreise når, me prøver å fange opp dei som er på permisjon m.m. Minner og om at det er svært viktig at de melder frå til klubben om stillingsendring; ein som har rykka opp i stilling frå t.d. mekanikar til vedlikehaldsleiar eller ass.borar til borar vil gå frå ein avtale til ein annan, sokkel til oljeoverenskomst.
Elles er det landsmøte i SAFE på Sola denne veka, og der deltek leiar og begge nestleierane; Kristian Stange og Raymond Magnussen frå klubben vår.
Bergen 7.juni 2022
Bjarte Lygre
Klubbleiar
SAFE i KCA Deutag
Tlf 55986810
Mobil 93600127