Informasjon seint i nov 2018

Informasjon SAFE-klubben seint i november 2018

På områdemøtet for rederi 22. november kom det fram mange utfordringar ein har i reiarlaga:

I Island Offshore vil dei skilje ut subsea-personellet til eit «fiktivt» selskap for å få personellet der over på ein land/verkstad-avtale. 39 av dei 42 som jobbar der har sagt at dei ikkje godtek ei slik overføring, sjølv om det medfører at dei utpå nyåret står utan jobb. PTIL er og inne i bilde her med omsyn til bemanningssertifikatskrav og SUT. SAFE-klubben i Island Offshore gjer her, vel å merke åleine, ein utmerka jobb for å stoppe denne sosiale dumpinga av offshorearbeidsplassar.
Om reiarlaget får gjennomslag for sine planar, kan mange arbeidsplassar stå i faresona.

I SAFE-klubben i Floatel har dei òg utfordringar, der personell vert oppsagt og erstatta med innleigde då selskapet ikkje vil kurse folka. I fleire av klubbane har det i tillegg vore ei stor auke i bruk av skriftlege åtvaringar for mindre såkalla prosedyrebrot. Det var òg ein runde på bruk av bonuspoeng opptent på teneste/jobbreiser.
Om ein brukar opptente poeng før nyttår, er det ikkje skatteplikt. Fleire bedrifter krev no enkelt og greitt at ein ikkje har lov til å ta ut poeng opptent på tenestereiser privat. Dette vil i så fall vere brot på arbeidsreglementet.

Seilingsavtalen;

Me har ei usemje med KCAD, også kalla tvisteprotokoll, på utbetaling av avspaseringslønn og overtid i samband med seilinga av Askepott og Askeladden frå Korea til Norge. Drøfta denne saka med juridisk avdeling i SAFE saman med fleire i forrige veke. Me vil prøve å få denne avtalen opp i arbeidsretten, sjølv om tenesta har gått føre seg utanom norsk farvatn. Fekk nett melding frå juridisk avdeling at saka først må tvistehandsamast mellom SAFE og Norges Rederiforbund. Fordelen med å ta saka til arbeidsretten, er at dei har god kompetanse på tariffsaker. Risikoen er at om ein taper saka der, kan den ikkje ankast for andre domstolar. Og det er enno ikkje sikkert at arbeidsretten vil ta saka, då må den gå for vanlege domstolar.

Overtidsbetaling vikarar/mellombels tilsette sokkelavtalen, samt timelønn for desse er òg saker på agendaen. Ein har ved nokre høve nytta feil delingstal for utrekning av lønn for vikarar/mellombels tilsette. Deira løn skal reknast ut frå årsverk på 1460 timar. Overtidsløn skal derimot reknast ut frå 1720 (?) timar, dvs. gamalt årstimeverk.

Pensjon

I KCA Deutag Drilling Norge A/S opptener ein avtalefesta pensjon (AFP), og har avtalar på tenestepensjon m.m.
I KCA Deutag Modu Operations er ein ikkje på AFP-ordninga, men pensjon er ein del av tariffavtalen, der det skal vere mogleg å gå av med «gåvepensjon» når ein er 60 år. Me har her òg ei usemje/tvistesak på tolking av tariffavtalen, der me hevdar at i følgje ordlyden i avtalen har me eit medlem som kan gå av med pensjon no. Denne saka er også oversendt SAFE for vidare handsaming mot Rederiforbundet. Me har her nytta uavhengige pensjonskonsulentar, samt nettverket i rederiområdet før me sende saka vidare. Minner om at deler av gåvepensjonsordninga som me streika for i sommar så langt berre gjeld for SAFE 🙂

 

Årsmøte- og Tillitsvalgtkonferanse 2019;

Årsmøtet i klubben er planlagt tysdag 12. februar 2019, med påfølgande Tillitsvalgtkonferanse 13.-14.februar. Planen er å ha årsmøtet i Samnanger, og så dreg me over Kvamskogen (2 mil) til Norheimsund for Tillitsvalgtkonferanse.
Om Tillitsvalgtkonferansen fell i offshoreturen har ein krav på fri. Dette må meldast inn i god tid, så ein får planlegge erstattarar. Sender eigen info til tillitsvalte.
Program er ikkje oppsett enno, men adm.dir. Bjarne Tresselt i KCAD samt forbundsleiar Hilde-Marit Rysst er invitert til Norheimsund.
Plasseringa av konferansen er sjølvsagt utifrå miljøomsyn og for å syte for lokal verdiskaping 🙂 Ta denne gjerne vidare om det finns Hardingar som ikkje er medlemer enno.

Kortversjon;

Han som er oppsagt var valt som organisasjonssekretær, og var tilsett i Core/forpleining. Når han hadde dette vervet, tok han på same tid jus-studiar.
Når ein er valt av kongressen, er dette for 3 år, og så «på hovudet ut» om ein ikkje får attval.
På kongressen i fjor var vedkomande kandidat som organisasjonssekretær, men trakk seg like før valet.
Opp gjennom tida han har jobba som valt organisasjonssekretær, har han jobba mykje med juridiske saker for SAFE, og for å få denne godkjent som praksis måtte han ha ei form for stilling i SAFE, som han fekk, definert til 60 prosent. Og her er det nokon som ikkje har følgt heilt opp med at denne 60 prosent stillinga følgde valperioden. Som valt på fulltid beheld ein full offshorelønn + reise/opphaldsutgifter.
Då han ikkje ville stille på val, fekk han tilbod om 100 prosent stilling som jurist, tilsett på SAFE-huset i Stavanger. Ingen tvil om at han var/er dyktig, har vunne fleire saker for SAFE. Og me trong meir ressursar på juridisk.
Men som tilsett der, fylgjer ein lønnsnivået for jurist, og ein har heller ikkje dekka pendlar reise/opphaldsutgifter då ein er tilsett «på huset».
Den 60 prosent-stillinga han hadde fått for å godskrive sin juridiske praksis, vart sagt opp, med tilbod om 100 prosent tilsett i Stavanger. Og så byrja ballen å rulle… SAFE er dømd for usakleg oppseiing, noko som sjølvsagt ikkje er bra for ei fagforeining. Ankefrist på dommen er rundt juletider, og saka skal opp på neste forbundstyremøte 12.-13. desember.
Det er forbundsstyret, der eg sit, som har ansvar for denne saka 🙁

PTIL har i haust hatt tilsyn på KCAD, og vitja både Askeladden og Askepott.

Det er fleire merknader på alt frå styringssystem til arbeidstakarmedverknad m.m.
Her er me innkalla til møte i neste veke for gjennomgang på medverknad. HVO-ane våre og K-HVO på Modu er og involverte i tilsyna og kva tiltak ein skal setje inn.
Etter fleire forsøk på å kome offshore på riggbesøk i november, er dette no lagt over til neste år. Det er ikkje alltid like enkelt å få plass på «turistvisum». Det er Oseberg Sør og Ringhorne som står øvst på lista.
4. desember er det styremøte i klubben i Bergen.
5.desember vert det månadleg møte med leiinga i KCA Deutag
11.desember er det områdemøte for sokkel i Stavanger
12.-13.desember forbundstyremøte Stavanger
13.desember – AMU-møte KCA Deutag Drilling Norge i Bergen.
Ta kontakt om me kan hjelpe med noko, eller du har innspel til saker!

Sauda 30.11.2018
Bjarte Lygre
Klubbleiar SAFE i KCA Deutag
Mobil 93600127

Skriv ut siden