
I natt godtok me ei skisse frå Riksmeklaren i mellomoppgjeret på rederiområdet. På denne avtalen hadde me streikerett også i år.
Lønsoppgjera på rederiområdet har vært svake dei siste åra, og oppgjeret i år gav oss lite av det me har mista, men er på linje med andre oppgjer innan bransjen. Og de kan være trygg på at me hadde ikkje godteke ei krone mindre enn det som kom på bordet i natt.
Me var i mekling saman med Industri Energi, som og gjekk til brot på tilbodet me fekk i forhandlingane. Til saman presenterer me om lag 90 % av arbeidstakerane på området, og me vart samde krava. Om me ikkje fekk ei semje i natt, ville 1500 arbeidstakerar bli tatt ut i streik i første omgang, og vidare opptrapping var klar.
Resultat av meklinga (på feil målføre/vonar de klare å tolke det) 🙂

Då lønstillegget ikkje vart meir enn naudsynt, legg me ved eit tilbod på telefon abonnement som gjeld alle SAFE-medlemer.
Tilbodet er kvalitetssikra av nattskiftet på Askeladden, og skal være konkurransedyktig J
Ha ei framleis god helg!
Haukeliekspressen 28.juni 2019
Bjarte Lygre
Klubbleiar
SAFE i KCA Deutag
Tlf 55986810
Mobil 93600127
