Innkalling tillitsvalgtkonferanse 2020

Kva; Årsmøte-og tillitsvalgtkonferanse 2020

Kvar; Voss; Scandic Voss – Hangurstoppen + Voss Vind

Kva tid; 18. februar kl 12 til 20.februar kl 16

Kven; SAFE-tillitsvalte på crew og styret i klubben

Me har gleda av å innkalle/invitere tillitsvalte og styremedlemer til årsmøte og tillitsvalgtkonferanse på Voss 18.-20.februar.

Dei som er offshore har krav på fri for å delta. Dei som er på friperiode får betalt 8 timar løn for kvar dag, samt reise-og opphaldsutgifter dekka av KCA Deutag.

Crewtillitsvalte som ikkje kan delta informerer sin vara.

Styret med varamedlemer deltek.

Dei som er offshore, og må ha tidlegare innreise/sein utreise eller er midt i offshoreturen, melder frå til underteikna om dette ved påmelding, gjerne og til personalkoordinator.

Tysdag 18. februar

Frammøte kl 12 på Scandic Voss med innsjekk, lunch og påfylgjande årsmøte.

Etter årsmøtet tek me gondolen til Hangurstoppen der me har middag og avsluttar for dagen.

Onsdag 19. februar

Me startar tillitsvalgtkonferansen kl 0830 på Scandic Voss.

Program kjem etter kvart, men det vert representant frå Gjensidige, frå leiinga i KCA Deutag og SAFE.

Kl 16 dreg dei som ynskjer det til Voss Vind, der det er reservert ein del plasser.

Meld frå i påmeldinga om du vil vera med her, klubben har førebels budsjettert med 15 plasser .

Det vert middag på Scandic Voss kl 19.

Torsdag 20. februar

Frukost og utsjekk frå Scandic Voss før me tek gondolen til Hangurstoppen

kl 0830 og fortset konferansen. Denne dagen vert det spesielt tillitsvalgtrollen, hovud-og tariffavtalar samt lønsoppgjeret 2020.

Det vert lunch på Hanguren, og me planlegg avslutning så ein er nede på Voss stasjon kl 16.

Ymse;

Scandic Voss ligg nærast på togstasjonen og endestasjonen for gondolen.

Dei som får innreise mandag 17.februar kan gjerne reise rett til Voss om dei ikkje bur i Bergen. Meld frå om dette i påmeldinga.

Ynskjer du å ha med familie, eller forlenge opphaldet på Scandic Voss, får du dette til vår avtalepris (615 p.p. dobbeltrom/1030 enkeltrom). Dette betaler du på hotellet.

Du skriv reiserekning til KCA Deutag på utlegg for å kome fram, og i friperiode skriv du og timeliste på 8 timar kvar dag.

På plattformboring avdeling + 001038

Modu avdeling 905.

Påmelding snarast og innan 20.januar 2020 til underteikna!

Sauda 31.desember 2019

For styret i SAFE-klubben i KCA Deutag

Bjarte Lygre

Klubbleiar

Utskriftsvennlig versjon:




Skriv ut siden