Forlik ulempekompensasjon Covidtesting;
Det vart inngått forlik i saka om covidtesting på rederiområdet like før denne skulle opp i arbeidsretten. Når me gjekk med på forlik, skuldast det sjølvsagt at det ikkje var sikkert at me ville vinne saka, og forliket gav same utfall som dei tarifferte på sokkelavtalen allereie har fått. Det vert altså ikkje kompensert for ekstra reisetid /tapt fridag som fylgje av bedriftspålagt testing. Det vert etterbetaling av 2 timar overtid for utført testing i dei to periodane dette var pålagt etter 1.januar 2021. SAFE.no; Forlik koronatesting
Me fekk i møte med bedrifta fredag 29.april 2022 også innfridd same kompensasjon, altså 2 timar overtidsbetaling, også for individuelt løna offshoretilsette i «Drilling Norge»; planleggar, vedlikehaldsleiar, borar, jr.boresjef og boresjef.
Personal vil sende oppskrift på korleis timane skal førast, og kva periodar dette gjeld, då det er skilnad på Vår Energi og Equinor. Ein hentar turane i «Min davinci».
Forhandlingar i hovudoppgjeret
Forhandlingane på sokkelavtalen SAFE har med Norsk olje og gass vert 3.-4.mai 2022 i Jåttavågen. Nestleiar sokkel Raymond Magnussen representerer klubben og boringa her.
Forhandlingane mellom SAFE og Norges Rederiforbund vert 18.-20.mai 2022 i Oslo.
Forhandlingane på Oljeoverenskomsten, som er overliggande avtale for individuelt løna på land samt riggleiing i KCADN er 24.mai i Stavanger, med påfølgande lokale forhandlingar med bedrifta planlagt 21.-23.juni 2022 i Bergen.
I alle forhandlingane kan det ende med brot om ein ikkje kjem i mål med brukbart utfall. Då skal dette meldast til Riksmeklaren der ein vanlegvis slepp til 3-4 veker etter brot. Om ein ikkje vert samde i meklinga, då er det arbeidskonflikt – altså streik. Kven som vert tekne ut i streik skal varslast før ein går til mekling, noko me kjem tilbake på om det vert aktuelt. I tida mellom brot og mekling må ein være førebudd på streik frå midnatt på meklingsdato.
Men….ingen er tent med streik! På hovudsida til safe.no finn de meir info.
Elles skjer det mykje både i klubben og bedrifta for tida.
Anbudet til ny kontrakt for pipepool vart levert etter påske, dette er ein viktig kontrakt å sikre seg!
Det har vært møter i områdeutval for både sokkel-og rederi i SAFE, Norges beste arbeidsplass, AMU Modu, Energipolitisk utval m.fl.
MEN sjølv om kalenderen fylles opp, ta kontakt om det er noko me kan hjelpe med! Det kan ta litt lenger tid med tilbakemeldingar nett no, og set gjerne både Raymond Magnussen og underteikna på e-post for tariffsaker.
Bergen 2.mai 2022
Bjarte Lygre
Klubbleiar
SAFE i KCA Deutag
Tlf 55986810
Mobil 93600127