Lønnsoppgjøret for rederiområdene er i havn

Tariff-og hovudoppgjer SAFE-Norges Rederiforbund 2020

SAFE har vært i forhandlinger i Oslo med Norges Rederiforbund 22.-24.oktober 2020

Forhandlingsutvalet på 21 personar frå alle klubbane på området og forbundsleiinga har vært samla i koronasikre møter på hotell, der «Engere utval» har hatt møtene med rederiforbundet.
Første dag vart krava lagt fram, og grunngitt.
Andre dag kom første skriftelege tilbod på plass, og seinare eit endeleg tilbod på plass.
Ein skal ikkje legge skjul på at me ikkje hadde dei store forventningane til økonomi i oppgjeret, med eit overheng frå i fjor, og låg prisstigning. Me hadde fire hovudkrav utanom dei som gjekk på økonomi. Og no skal det seiast at me drøfta mykje verdien av tekniske tillegg mot generelle tillegg. Og var samde om at det i år måtte krevjast eit kronetillegg for dei tarifferte.


Når det gjeld pensjon, er me samde om å arbeide saman med rederiforbundet for ei ordning for dei som er fødd før 1970, og som ikkje er omfatta av den nye PTS, Pensjonstrygd for sjømenn. Her er det no store manglar. Denne gjeld frå 1/1-2020, og me får konfliktrett på dette neste år.

Me får vidareført 2 år fortrinnsrett for alle på avtalen som vert oppsagt, og som har vært tilsett minst 1 år. Arbeidsgjevar forskoterer sjukeløn for alle selskap på avtalen. Det er 3 selskap der dei ikkje gjer dette no, og arbeidstakerane må søke sjukepengar på NAV.
Tap av helsesertifikat – 62 år; Frå neste år vil rederiforbundet inngå ny forsikringsavtale for tap av helsesertifikat. No er aldersgrensa her maksimalt 60 år, dette må aukast når pensjonsalderen vert sett opp til 62 år.


Dei tarifferte får eit kronetillegg på kr 13693,- lagt på lønsmatrisa. Individuelt løna får minimum kr 13693,- , med ei ramme på 1,7%. Om ein tek omsyn til overheng og lønsglidning utgjer det reelle oppgjeret 2,76% i år. Dette er høgare enn dei andre oppgjera i desse tider.
Ein liten auke vert det på nattillegget (kr 1,50) og helligdagstillegget (kr 25)
Dei tekniske tillegga me ville ha gjennom med nattillegg, masketillegg, mudtillegg m.fl. må nok vente til neste oppgjer, men samla sett vert den faste løna auka over prisveksten.
Meir info finn de på safe.no

Oslo 24.september 2020 midt på natta
Bjarte Lygre
Klubbleiar SAFE i KCA Deutag

Skriv ut siden