Medlemsinfo 20.juni ; brudd NR, tariffavtale, VOD, opp/nedbemanning, medlemsfordeler

Resultatet av uravstemninga på rederiområdet er no klart;

Klart NEI!

Me melder frå til Norges Rederiforbund og Riksmeklaren om resultatet.

Plassoppseiingar kjem. Om ikkje meklinga fører fram, vert det truleg streik i juli.

Viktigaste saka er å kjempe for «overgangspensjon» innan rederiområdet for alle aldergrupper.

Økonomien i tilbodet frå rederiforbundet er ikkje noko å skryte av, også i år svakare enn på Norsk Olje-og Gass. Men her har andre forbund klappa og signert, og sagt seg godt nøgd ☹.

Press på tariffavtalen;

På rederiområdet / Modu har fleire blitt pressa til å stå utover avtalt tid utan ventelønn på ekstraturar i friperiodane.

Gjer merksam på at ein kun på rederiområdet har krav på ventelønn, sjølv om ein ikkje har stått 14 dagar om bord, men avtalt tid (tidspunkt som er fastsatt for avreise). Me finn det utidig at leiinga pressar tilsette til å fråvike dette, og grunngir dette med kva ein får dekka frå kunden.

Om du skal bli utsett for dette, eller er i tvil om avtalen, ta kontakt med oss.

Det vil være unntak frå der ein kan gje ein korrekt dato for innreise, eksempelvis om ein erstattar ein person ved kortidssjukdom m.m. For eigen dokumentasjon, ta bilete av «mindawici» ved utreise.

Ein kjempa lenge for å få desse vilkåra på plass i rederiavtalen, at ein no prøver å presse medlemer til å inngå dårlegare vilkår enn tariffavtalen er ikkje akseptabelt!

Virksomhetsoverdragelse – Gullfaks – gavepensjon – ansiennitet

Om ein går over på NR/rederiavtalen i Archer 1/10-18 vil vilkåra i avtale gjelde for mellom anna gavepensjon. SAFE fekk inn at denne kompensasjonen også skal gjelde ved virksomhetsoverdragelse på NR. For å få «gavepensjon» på 1 G, må ein slutte/førtidspensjonere seg, og denne kjem då til utbetaling frå 62 til 67 år. Om ein ikkje sluttar, kjem denne ikkje til utbetaling. Underteikna sine kunnskaper om pensjon er svært avgrensa, men det kan formidlast kontakt ☺

Alle som vert med på VOD får med seg ansiennitet som ein har i dag.

Dei som har motteke permitteringsvarsel på Gullfaks vert med på VOD. Og her skal Oljearbeidarforeningen har kredit for å ha stått på med å vise til «unødig flytting av personell» som vil kunne miste retten til å bli overført kort tid før virksomhetsoverdragelsen!

Protokollen for virksomhetsoverdragelse med Archer er signert av oss i dag, 20.juni.

Me har stort sett hatt dagleg dialog med SAFE-klubben i Archer i samband med VOD.

Kvitebjørn;

Det er planlagt ein lengre stans i boring på Kvitebjørn. No er det brønnintervensjon (les wireline ☺).

Dei som ikkje er sett opp på andre felt vil gå i kompetansepool når dei er ferdig avspasert.

Kompetansepoolavtalen på plattformboring er rimelig sterk i høve til avspasering m.m., men det er viktig å varsle om planlagt ferie m.m. i god tid til personalkoordinator.

Ringhorne;

Det er søkt om nattarbeid for vårt personell på Ringhorne frå august, aktiviteten her er aukande!

Det er her mykje uteståande arbeid som KCAD utfører i saman med Apply.

Oseberg Øst/Oseberg Sør;

Oseberg Øst er ferdig med E-15, og etter kvart skal dei fleste av mannskapa her over til Oseberg Sør.

På Oseberg Sør er det for tida wireline og klargjering for borestart. Her manglar DDM, pipedekkskran, catcalk, risercart og anna smått i ☺

Medlemsfordeler i SAFE;

Me har nok hatt lite fokus på medlemsfordeler, vil berre nemne nokon;

Advokatforsikring for «privatbruk» har alle medlemer gjennom Legal24

SAFE-medlemer har svært gode vilkår gjennom Gjensidige! Denne må du teikne sjølv, oppgi medlemsnummer (kan de få av underteikna).

Om du går inn på YS-fordeler, ser de alle andre fordeler ein og har, både på hotell, ferger, leigebil m.m.

Denne veka er det forbundsstyremøte og landsmøte i SAFE på Sola.

Bjørn Tore Jensen, Kristian Stange og Bjarte Lygre deltek frå klubben.

Men, ta gjerne kontakt på e-post, svarer så snart det lar seg gjere!

Med helsing

SAFE-klubben i KCA Deutag

Bjarte Lygre

Leiar

Bjarte.lygre@no.kcadeutag.com

Tlf. 93600127

Skriv ut siden