12.-14 februar er det årsmøte med påfylgjande tillitsvalgtkonferanse i Norheimsund i Hardanger. Det er første gongen klubben vår arrangere noko utover ordinært årsmøte.
Tillitsvalgte og styret utgjer årsmøtet, og om lag 20 av desse kjem. Minner om at andre interesserte, nye og gamle medlemer og kan komme innom. Årsmøtet vert på ettermiddagen 12. februar, tillitsvalgtkonferansen dei neste 2 dagane.
Her vil me drøfte tariffoppgjeret 2018, Gjensidige, K-HVO i KCAD, leiinga i KCA kjem truleg og tirsdag, på onsdag vert forbundsleiar i SAFE Hilde-Marit Rysst og nestleiar Roy Aleksandersen med oss.
Anbudet til Statoil på boring/vedlikehold på 18 plattformer er no levert.
Det er ein del «avklaringar» enno med omsyn til bemanning.
Som føre var, vil me ha kontakt med SAFE-klubbane i Archer og Odfjell for å drøfte korleis ein kan handtere kontraktsendringar og bemanning for andre enn dei som er knytta til boreoperasjonen offshore, dvs. kompetansepool og landtilsette.
I løpet av våren vil boremannskapa på Oseberg Øst bli flytta til Oseberg Sør.
HMS:
Det har vore ein del hendelsar i KCAD den siste tida, i begge selskapa.
Og dette skuldast ikkje mangel på prosedyrer. Det har vore stort fokus frå både leiinga vår og Statoil på at me må bli betre, og alle mannskapa skal no ha hatt ein «TOFS» med 3 av dei siste hendelsane.
Så er det viktig å ikkje «miste hovudet», men fortsatt ha ein open og ærlig sikkerhetskultur i selskapet, der ein kan rapportere hendingar som andre kan ta lærdom av.
Me har mange saker for medlemene våre som skal ha avrekning av årstimar, kurs, seilingsavtale, etterbetalte tillegg, lønnsansienitet m.m. Mange av sakene er det SAFEklubben som har tatt opp.
I forrige veke hadde underteikna møte med leiar i MODU-klubben til IE, Thomas Furuberg, og me tek opp dei tunge sakene i lag. Me planlegg møte med leiinga i KCAD neste veke for avklaringar på saker som alle har med lokale avtalar innan NR-området å gjere.
Det er valg av HVO i gong på Askeladden. På Askepott vert dette sett i gong så snart ein har valgt VO-ar på alle skift og avdelingar. På MODU har me ein utpeikingsavtale saman med MODU-klubben, som kort fortalt gjer at verneombuda sjølv vel HVO, ikkje at største fagforening peiker ut etter medlemskap (som på faste inst.).
Det blir valg av 3 faste-og 5 vararepresentantar til styret i KCA Deutag Modu Operations.
I valgstyret er Stig Olav Larsen (leiar) og Leif Kåre Vik (vara) SAFE sine representantar. Det vert sendt ut informasjon om valget over helga, og me vil følge opp for å får «gode» SAFEerar inn i styret!
I SAFE (forbundet) har det i januar vore både forbundsstyremøte, områdemøte rederi og sokkel i januar.
Me har no tillitsvalgte på alle crew på Askeladden og Askepott, på enkelte skift på Gullfaks og Oseberg-plattformene, samt på Espehaugen.
Bjarne Tresselt er adm.dir for KCA Deutag, begge selskapa i Norge, frå nyttår.
Medlemstalet veks, og me er no nærmare 200 enn 150 medlemer 🙂
Det blir sendt ut meir informasjon etter årsmøtet.
Bergen 7. februar 2018
Bjarte Lygre
SAFE i KCA Deutag