Medlemsinfo påsken 2021

Årsmøte 2021 – Voss og Teams 

Me fekk halde årsmøte 23.mars. Det var om lag 30 deltakerar, dei fleste deltok på Teams. 

Det var uvant for oss å arrangere eit så stort arrangement der deltakerane ikkje sat i salen, så det  vart ein del «trening» på styremøtet dagen før. Og sjølve vedtaksdelen av årsmøtet med rekneskap,  budsjett, årsmelding, handlingsplan og val gjekk raskt unna. Men me håpar dei som deltok føler dei  var ein del av årsmøtet, sjølv om dei var over heile landet…og til havs. 

Det var vedtak på møtegodtgjersle for tillitsvalte, arbeide for framleis medlemsvekst og god  medlemsservice. 

Den lokale medlemskontingenten for landtilsette vert framleis kr 30 pr.mnd, og for dei som er på  sokkel/NR avtalen/mellomledelse/riggledelse kr 60 pr.mnd. Dette grunna kampfondet, som me set  inn store deler av kontingenten til klubben, og som truleg landtilsette ikkje vil ha nytte av. 

Me set inn pengar til fondet kvar månad, og avkastninga er no på vel 15%. 

Styret vart utvida med ein individuelt løn frå kvart av selskapa, og har no 10 faste representantar.  Elles vart det rokeringar av oppgåver innan styret. Vedlagt finn de godkjent årsmelding, og  presentasjon av det nye styret. Dei største endringane er at Kristian Stange vert nestleiar Modu, og  Bjørn Tore Jensen styremedlem. Andreas Åsebø vert skrivar/styremedlem, og Roy Vegar Hope  varamedlem. Øystein Sulen, boresjef Ringhorne, og Stig Olav Larsen, borar Askepott vert  styremedlemer.

Korona og testing ved utreise 

No vil også Equinor krevje testing av alle som skal offshore frå 6.april, noko det skal bli gitt  informasjon om på «mindawinci». Me er framleis ikkje i mål med avtale for dette for dei som reiser  på Ringhorne for Vår Energi, og er noko forbausa/fortvila over at ikkje rederiforbundet og Norsk olje  og gass vil drøfte ei lik godtgjersle for dette. Nokon mistar ein fridag grunna testing og tidlegare  frammøte.  

Om du må møte fram til dømes 2 timar før innsjekking helikopterterminal for å ta testen, meiner me  dette skal godtgjerast med overtid, og tilrår at de fører dette. Me har enno ikkje hatt drøftingar med  KCAD om kompensasjon for tapt fritid for Equinor-installasjonane, men me har samarbeid med dei  andre fagforeningane i KCAD, og tatt opp saka med forbundet. 

Assisterande optimaliseringskoordinator Modu – stillingsinnplassering 

Som tidlegare nemnt vart det innført 2 stillingar på kvart skift på begge riggane på Modu for vel 2 år  si; Optimaliseringskoordinator og assisterande optimaliseringskoordinator. Me fekk beskjed at  optimaliseringskoordinatoren ville bli plassert i lønsgruppe A på NR avtalen, og assistenten som  boredekksarbeidar. Men det kom aldri noko skrifteleg på dette, og det vart heller ikkje meldt inn til  stillingsutvalet til rederiforbundet. I stillingsutvalet er det representantar for NR, SAFE, IE og DSO. 

Me har no ein signert protokoll som seier at Ass opt.koord er i lønsgruppe C og opt.koord. i gruppe A.  Men det har vært ei tilnærming i stillingane der ein i praksis har dei same oppgåvene. Me vil difor få  stillinga vurdert i det sentrale utvalet, der me vil få vurdert om assistenten, ut frå oppgåver og  ansvar, kan løftast. Då vil ein ta omsyn til tilsvarande stillingar i andre selskap. 

Likestillings-og diskrimineringsutvalg 

Det vert eit likestillings-og diskrimineringsutval i KCA Deutag i Norge. Dette er noko verksemder skal  ha, og det er her viktig med at det ikkje er individuelle skilnader for likt arbeid, samt  rekrutteringspolitikken til selskapet m.m. 

Etter møte med dei 4 andre fagforeningane og vernetenesta er følgande representantar for  arbeidstakerane med; 

Synnøve Romtveit Ringhorne SAFE 

Malin Gjerde Espehaugen/landtilsette 

Geir Arne Kaldestad K-HVO „drilling“, Simen Eik Kalve, K-HVO Modu er vararepr. 

Tillitsvaltkurs SAFE 

Det er no over eit år sidan sist tilbod om tillitsvaltkurs i SAFE. Tidlegare har desse kurs vært som  samlingar, med ein del sosialt i tillegg. No vert kursa på Teams. Interesserte melder seg på  SAFE.no/kurs.  

Første kurs går 14.-15.april, neste 19.-20.april. 

Send gjerne melding til underteikna og om du blir med. 

Det vert tariffkonferanse i SAFE 13.april, lønsforhandlingar med Norsk olje og gass 4.-5.mai (om det  ikkje vert brot i meklinga YS-NHO), og SAFE-Norges Rederiforbund 19.-20.mai. Kongress del II er  planlagt 2.-3.juni saman med landsmøte til SAFE.

Byte rigg / innplassering fast mannskap 

Når de bytar plattform, eller går frå ressurs/kompetansepool til faste skift er det fint om de endrar  dette på safe.no – min side, eller melder frå til underteikna. Elles havnar julegåva på feil plass ☺ 

Medlemsfordeler – Nordea Direct

Nordea Direct er ein rein nettbank. Om det er viktig å kunne ta ein telefon til banken, er ikkje dette  den rette. Men om renta og gebyr er viktig, bør du sjekke ut denne! 

Fekk nett eit tilbod sjølv (saman med min studerande son) med rente på 1,25%, effektiv 1,31%. Du må oppgi at du er medlem i YS/SAFE på lånesøknaden. Og du treng ikkje prute ☺ Det går framleis ikkje pengar frå SAFE eller YS til nokon politiske parti, og vil ikkje gjere det i framtida heller. 

Påskeferie… 

Underteikna planlegg jakt på påskeharar, manuell skoging/vedkløyving og tidvis turar til områder  utan dekning på telefon og slikt ☺ . Gjeld noko nye medlemer eller andre akutte saker vil eg svare  om/når eg kan på messenger eller e-post. Full rulle frå 6.april! 

Ha ei framleis god helg og påske, med eller utan palmer! 

Med helsing 

For Fagforeningen i KCA Deutag 

Sauda 28.mars 2021 

Bjarte Lygre 

Klubbleiar

Skriv ut siden