Medlemsinfo SAFE-klubben januar 2021

Godt Nyttår til alle SAFEerar!

Det er gledelig at me og etter førre info no har passert 300 aktive medlemer med god margin! Ynskjer alle nye medlemer velkomne i klubben!

Pensjon er vel ikkje det så mange fødd etter 1970 tenker så mykje på. Men no er fakta at dess yngre du er, jo meir kan du få ut av YS-pensjon. Også den eldre garde vil nyte godt av å gå inn på den nye pensjonsordninga som SAFE i saman med YS har forhandla fram.

YS med sine 230 000 medlemer har forhandla fram ein avtale der du kan flytta over dine pensjonspengar, som no er på din personlege konto i det selskapet KCA Deutag har avtale med.
No kan du velje sjølv kvar desse pensjonspengane skal stå. YS har no ein avtale med Nordea Liv, der dei ikkje tek administrasjonskostnader og låge forvaltningskostnader. Du kan og flytte over pensjon opptent hjå tidlegare arbeidsgivarar som innskuddspensjon.

Ein kan ikkje flytte over fripolisar, sjømannspensjon, pensjon frå folketrygda og opptent ytelsespensjon med garantert avkastning.
YS Pensjon er ein medlemsfordel du har som medlem, og er den beste nokon fagforeiningar har i dag.
Det kjem meir informasjon om dette om nokre veker, men ein kan og lese seg opp på nordealiv.no

Manglande innbetaling til PTS – pensjonstrygd sjømenn?
Det har kome fram at ein del rederi ikkje har betalt inn til sjømannspensjon når riggar har gått mellom Norge og andre land, sjølv om ein har gått på norsk tariffavtale. Dette gjeld ikkje for den tida de har vært tilsett i KCA Deutag, men i andre selskap. Me oppmodar alle som er på rederiavtalen å
gå inn på min side/laste ned appen «Mitt PTS» for å sjekke om innbetalingar og oppteningstid er registrert. Om det her er avvik kan me ta dette vidare med forbundet.
Elles er SAFE i drøftingar med Norges Rederiforbund om overgangsordningar til ny pensjon, og her er ein langt frå i mål.

Særavtale offshore mellomledelse og riggledelse plattformboring

Det er for tida forhandlingar lokalt på særavtalen for lønsvilkår for borar, vedlikehaldsleiar, jr.boresjef og boresjef i «Drilling Norge».
SAFE har ikkje vært part i denne avtalen tidlegare, men er no med for fullt. Me har hatt samarbeidsmøter med Lederne og Oljearbeidarforeningen før forhandlingane, som vert samla.
Arbeidsreglementet for både land og offshore vil ein og gjere endringar på. Dette er frå 2001, så dette vil me arbeide med så snart me får nytt utkast i hende.

Forsikringar i og gjennom SAFE

I SAFE og YS er me opptekne av at ein sjølv skal få velje forsikringar, så ein ikkje er tvungen til å ha t.d. dobbelt innbuforsikring m.m. Men me har gode avtalar i Gjensidige, der ein i tillegg vanlegvis får 12- 15% i bonus på skade-og behandlingsforsikringar utbetalt påfølgande år. Rabatten du som SAFEmedlem får i tillegg er mellom 10-20% på marknadspris.

Men me har to forsikringar som er inkludert i kontingenten, og det er advokatforsikring gjennom Legal24, vilkåra finn du på safe.no/for-medlemmer/medlemsfordeler
Me har og ei grunnforsikring inkludert i kontingenten, denne gjer utbetaling om medlem eller ektefelle/sambuar fell frå på 1G, om lag kr 100 000,-.
Me minner nye medlemer om at SAFE kan overføre medlemskap frå andre fagforeningar, men andre forsikringar du har hatt knytt til medlemskapet kan ikkje SAFE seie opp.
Om du vil ha helse/behandlingsforsikring med våre nye prisar, kontakt Gjensidige v/Hein Henriksen, tlf 934 99 070, e-post hein-irgens.henriksen@gjensidige.no . Prisar variere etter alder og dekning.

Årsmøte-og tillitsvaltkonferanse i klubben 2021

Årsmøtet med påfølgande tillitsvaltkonferanse er planlagt på Voss 23.-25.mars 2021. Men om denne kan avviklast på vanleg måte i år er enno uvisst, eller om det vert på Teams.

Det er dei plass/crewtillitsvalte og styret som skal stille på denne. Dei som er offshore har krav på fri, men me må ta omsyn til operasjon om bord.
Dei som møter får dekka reiseutgifter, og tillitsvalte på friperiode får 8 timar timeløn for kvar dag.

Me vurdere å utvide styret frå 8 til 10 faste medlemer, og 4 varamedlemer.
I år er leiar, nestleiar Modu, 2 styremedlemer og 2 varamedlemer på val, i tillegg til 2 nye som me vil foreslå kjem frå dei individuelt løna medlemene.
Leiar i valkomiteen er Simen Eik Kalve.
Det er altså dei tillitsvalte som utgjer årsmøtet, og som vel styret.

Kielland-nettverket

Safe-klubben har og i år gitt eit økonomisk bidrag til Kielland-nettverket. Det var framleis mange uløyste spørsmål etter hendinga, det vart lagt lokk på fleire teoriar som burde vært granska. No er Riksrevisjonen i gong med saka. I tillegg har dei eit nettverk bland overlevande og etterlatte.

Covid-19 er vel dei fleste metta av å høyre om no. At KCA Deutag i Norge har halde operasjonane i gong med sine 7 riggar utan å stenge ned grunna smitte tyder på at offshorefolket tek tiltaka på alvor.
Me må nok halde ut ei tid til, både på land og til havs, før me kan senka skuldrene. Og for våre medlemer busett i utlandet tærer det spesielt mykje på med karantene før kvar utreise, noko me vonar vert letta på etter kvart. Det kjem truleg og pålagt testing før utreise på nokre installasjonar, men det praktiske (og økonomiske) med dette er ikkje avklara enno.

Klubbkontoret til SAFE på Espehaugen er no flytta til 1.etasje, der opplæringsavdelinga var tidlegare.
Elles går det stort sett i heime-og hyttekontor også i tida framover
Ha ein framleis fin vinter !

Tjelmen/Sauda 15.januar 2021
Bjarte Lygre
Klubbleiar

Fagforeningen i KCA Deutag

Skriv ut siden