Medlemsinformasjon etter årsmøte og tillitsvalgtkonferansen


Då var første ordinære årsmøte i «den nye» klubben, samt tillitsvalgtkonferansen avslutta for 2018.
16 av våre tillitsvalgte var med på heile, eller deler av arrangementa i tida 12.-14.februar i
Norheimsund.
Første dag var det årsmøte, med gjennomgang av året som har gått, og ein handlingsplan vart vedteken.
Det vart vedteke å setje av 1/3 av lokal kontingent, til å bygge opp lokalt kampfond.
Det vart og drøfta om ein fortsatt skal ha ein felles klubb for MODU og «drilling», noko årsmøtet gjekk samrøystes inn for. Medlemstal; 185 SAFEerar i KCA Deutag.

Desse vart valt i styret:

Leiar: Bjarte Lygre ass.bor. Kvitebjørn/land 1 år

Nestleiar MODU: Bjørn Tore Jensen DVO Askeladden 1 år

Nestleiar sokkel/land: Raymond Magnussen BDA Oseberg B 2 år

Styremedlemer:

Espen Johnsen BDA Askepott 1 år

Dan Frode K. Hauge ass.bor Gullfaks A 1 år

Kristian Stange elektriker Askeladden 2 år

Per Gerhard Hallem BDA/CRI Gullfaks B 2 år

Varamedlemer:

Leif Øxnevad elektriker Askeladden 2 år

Joakim Kobbevik stabilitsjef Askepott 1 år

Roy Vegar Hope ass.bor Oseberg C 1 år

Jim Tore Liøen BDA Oseberg C/Sør 2 år

 

Tirsdag starta tillitsvalgtkonferansen, med tariff og krav før hovedoppgjøra til våren.
K-HVO Henning Mørk informerte om vernetenesta i selskapet med spesielt vekt på saker på Cat J.
Gjensidige ved Morten Brosvik gjekk gjennom forsikringar og fordeler SAFE-medlemer har gjennom YS. Spesielt merka me oss gunstige forsikringar på liv/uføre, i tillegg til skadeforsikringane. Dei fleste som bytar til desse avtalane får både betre dekning og lågare sluttrekning enn andre selskap.
I medlemskap i SAFE er det berre advokatforsikring gjennom Legal og «grunnforsikring» (1 G ved død medlem eller sambuar/ektefelle) som er inkludert i kontingent, andre private forsikringar må ein ordne sjølv. Det vert sendt meir informasjon om dette til tillitsvalgte, som og vert kontakta av Gjensidige.
Administrerande direktør i KCA Deutag i Norge, Bjarne Tresselt kom og inn. Bjarne er direktør for både «drilling» og Modu inntil vidare, i fylgje eigne utsegn. Han viste kva aktivitet KCA Deutag har internasjonalt, inkludert Bentec, og korleis selskapet er organisert både på landriggar og til havs.
Me fekk og ein gjennomgang av kontraktane i Norge, og han viste og til kor viktig HMS er for selskapet. Me fekk gode diskusjonar, sjølv om tida (grunna programmet til underteikna) vart vel kort.
Som avslutning på tirsdagen hadde me ein utomhus aktivitet i snøen som de kan få referert frå deltakerane 😊


Onsdag var forbundsleiar SAFE Hilde-Marit Rysst og nestleiar Roy Aleksandersen med oss på konferansen.
Me gjekk gjennom tariffavtalar, drøfta krav og kva som er venta i samband med hovudoppgjer på både sokkelavtalen gjennom Norsk Olje-og Gass og «rederiavtalen» med Norges Rederiforbund.
Det vart ein gjennomgang av historia til SAFE, korleis me er organisert gjennom
«Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund», og kva me kan bli betre å trekke fram når medlemer skal vervast.
SAFE er den einaste «reindyrka» fagforening for oljeindustrien med forhandlingsrett på avtalane!
SAFE og YS har ingen politisk tilknyting, og organiserer medlemer frå både høgre og venstresida.
Og det er ikkje tvil om at SAFE-klubben i KCAD viser godt igjen i SAFE sentralt, sjølv om me berre har 2-3% av medlemene til organisasjonen.
Torsdag 15. februar var underteikna saman med klubbleiar i IE-MODU-klubben i møte med Tom Einar Aasland, direktør Modu.
Me hadde oppe saker for vernetenesta, godtgjersle valkomité for styreval i bedrifta, skattebistand Korea, avrekning/kurstimar, seilingsavtale og overtidsbetaling, utreisedagar m.m.
Nokre saker vart avklara, som ny ressurspoolavtale og tillegg på seiling i avspaseringstida, andre saker skriv me tvisteprotokoll på i lag med Modu-klubben, og fleire saker skal drøftast vidare.

Klikk her for å lese årsmelding 2017 SAFE

Sauda 16.februar 2018
Bjarte Lygre
Klubbleiar
SAFE i KCA Deutag

Skriv ut siden