
Lokale lønsforhandlingar;
Plattformboring og land;
Her var det forhandlingar 20.-21.august.
Me forhandla i lag med Lederne og Oljearbeidarforeningen. Frå SAFE-klubben var Andreas Åsebø/Jim Tore Liøen og underteikna med.
Resultatet vart ei ramme på 3,5%, dvs. dette vil det koste bedrifta.
Alle landtilsette omfatta av forhandlingane får 2,4% i lønsauke, i tillegg er det 1,1% att til justeringar/ individuelle tillegg.
Offshore på plattformboring får individuelt løna personell 2,7% som garantert tillegg, her er det 0,8% til justeringar for å fortsetje å lage eit lønssystem.
Fagforeningane skal få innsyn i kva justeringspotten vert nytta til.
Med tanke på at det er eit mellomoppgjersår utan streikerett, er me rimeleg nøgd med oppgjeret lokalt.
Modu;
På Modu har SAFE-klubben saman med Moduklubben levert eit forslag til fordeling av 1% av lønsmassen for individuelt løna. Denne prosenten vart avtalt sentralt hjå Riksmeklaren.
I tillegg skal alle individuellt løna ha 2,6% eller minst kr 24 670,- i tillegg i år.
Fordelinga av «prosenten» har me gått gjennom med Moduklubben. Det er spesiellt ei gruppe me ynskjer å løfte, samt å justere ein del innan andre stillingar. Me presanterte kravet / lønslistene på møte med bedrifta 21.august. Stig Olav Larsen og klubbleiaren deltok på møtet. Me skal ha ein ny gjennomgang med bedrifta neste veke. Det skal være reele forhandlingar med protokoll på fordelinga, men bedrifta har styringsretten L

Seilingsavtale Modu;
Det er no 2 år sidan Askeladden og Askepott vart segla frå Korea til Norge.
I 1 ½ år har me hatt ei tvistesak om utbetaling av seilingstillegg og overtidsbetaling. SAFE melde stevning til arbeidsretten om saka 8.juli då me ikkje fann noko løysing lokalt. Me vart då innkalla til vidare drøftingar 7.august. Måndag 19.august fekk me melding frå KCAD at dei vil utbetale avspaseringsløna og ta med seilingstillegget på overtidtimane / utover 28 dagar ombord. Dermed går ikkje saka til arbeidsretten, sjølv om stevninga ligg klar.
Me har hatt tett dialog med Moduklubben både på drøftingsmøta og i etterkant. Det er mogeleg det vert etterbetaling allereie på septemberløn.
Stor takk til Ralf Risholt som har delteke aktivt på sluttrundane og møter i denne saka!

Nattarbeid Ringhorne
På Ringhorne er ein framleis i prosjektfasen, noko som truleg vil pågå utover vinteren.
Det er lite køyplass på dagtid, dette har medført at mange av KCAD personellet har gått 14 dagars natturar i lang tid. Me vart gjort merksame på dette gjennom eit av våre verneombod om bord, og dette er ikkje i samråd med regelverk for nattarbeid.
Me tok opp saka vidare og dette resulterte i ei rask tilbakemelding frå operasjonsleiinga at ein no skal gå kun 1 veke på natt i prosjektfasen, og om det ikkje er plass om bord til dagskift, vert dette på land eller annan installasjon. Det KAN førekomme avvik, men i hovudsak skal dette no være regelen J

Reiserekningar;
Det er ein del utfordringar med reiserekningar og at dei ikkje vert godkjent / returnert.
Det som ofte går att er at ein anten manglar bilag for fly og hotell, samt gebyr frå reisebyrået.
Sjølv om ein ikkje har eigne utgifter, skal det leverast reiserekning når ein har brukt reisebyrå.
På offshorereiser utan overnatting – pendelreise – er det ikkje kostpenger.
Og ved overnatting må ein alltid krysse av for frukost på hotell i Norge.
NB; Ved bruk av offentleg kommunikasjon som buss/båt/tog samt bompengar, er det ikkje krav til dokumentasjon på reiserekningen.
Reiserekningane vert raskare utbetalt om ein slepp å returnere dei. Kontakt gjerne underteikna (som har doktorgradenJ) om du står fast.
Val;

Bruk røysteretten DIN…lokalpolitikk er ikkje ei fagforeningssak.
VÅRE medlemer kan velje sjølv J, me betaler ikkje pengar til politiske parti!
Hugs å førehandsrøyste om det trengs! Elles har du ingen klagerett J
Anbud;
KCA Deutag Drilling Norge AS har levert anbud på plattformboring på Ekofisk.
Dette skal avgjerast i november. Me mista kontrakten der i 1992….til Deutag Drilling Norge J
Utdanningsfond i SAFE;
Stipend kan tildelast for:
a) Videreutdanning/kompetanseutvikling innen et fag– eller yrkesområde.
b) Videregående organisasjonsfaglig opplæring.
c) Omskolering/kvalifisering til anna yrke.
d) Kortare yrkes – eller organisasjonsfaglig oppdatering.
Du kan søke om inntil kr 15 000,- kvart år!
Verving;
Nye medlemer får 6 månader gratis innbuforsikring i Gjensidige
Nye medlemer får Bluetooth 4.0 headsett
Nye medlemer får SAFE-Rolexen J
Om du vervar får du handle elektronikk for kr 2500,- for 3 nye medlemer, kr 5000,- for 5 nye.
Saman er me sterke!!
Artikkelen som PDF:
Espehaugen 27.august 2019
Fagforeningen i KCA Deutag
Bjarte Lygre
Klubbleiar
SAFE i KCA Deutag
Tlf 55986810
Mobil 93600127