Mekling rederi – VOD – klubbinfo

Mekling / konflikt rederiområdet


• SAFE er innkalla til Riksmeklaren  mandag 9.juli(ikke 10 juli som ble sagt på e-post)
• Om ikkje meklinga fører fram vert det streik frå midnatt 10.juli.
• All drift på riggane skal gå som normalt fram til brot av meklinga.
• Forhandlingsutvalet i SAFE skal ha møte 3.juli, der vert det avgjort kva selskap/riggar som vert tatt ut først.
• I ei konflikt der du vert teken ut i streik, vert SAFE “arbeidgivare” for medlemene.
• MEN me håpar sjølvsagt på at meklinga fører fram!

Virksomhetsoverdragelse Gullfaks

Alle som skal over frå KCAD til Archer skal no ha mottatt informasjon frå både Archer og KCAD.
SAFE-klubben i Archer har fått e-postadressene til dei som ligg inne med Gullfaks som arbeidsstad i vårt medlemsregister, og skal ha fått tilgang til informasjon frå Archer-klubben.

SAFE-klubben i KCA Deutag

  • Me hadde møte med leiinga i Modu 27.juni saman med Moduklubben IE;
  • Det vart signert tvisteprotokoll på usemje om løn/avspasering/overtidsgrunnlag for segling av riggane frå Korea til Norge. Denne saka er no sendt til forbunda for vidare tolkning/rettsleg vurdering.
  • Me tok og opp lønsnivå for ein del individuellt avlønna stillingar som ligg under gjennomsnittsløn for rederiområdet
  • Denne veka reiste siste mannskap inn frå Kvitebjørn, som no er i vedlikehaldsfase.
  • Ein del av mannskapa er allereie sett inn på faste crew på Oseberg, Ringhorne og Gullfaks, medan dei fleste er i kompetansepool inntil vidare.
  • På Oseberg Sør er det “full gass” med å førebu borestart. Her er dei sett opp med mannskap ut frå dei nye kontraktane som gjeld frå 1.oktober, dvs. fleire oppgåver og meir folk.
  • K-HVO Modu Øyvind Grøteide er godt i gang med sin 50% stilling, og vil vanligvis være i Bergen i partalsveker. Han har ferie i juli.
  • Grunna meklinga er ferien i SAFE-klubben utsett på uviss tid, ta gjerne kontakt på e-post eller telefon.

Styret SAFE- klubben i KCA Deutag 2018

  • Leiar Bjarte Lygre
  • Nestleiar MODU Bjørn Tore Jensen Askeladden
  • Nestleiar sokkel/land Raymond Magnussen Oseberg B
  • Styremedlemer Espen Johnsen Askepott
  • Kristian Stange Askeladden
  • Dan Frode H. Karlsen Gullfaks A 
  • Per Gerhard Hallem Gullfaks B
  • Varamedlemer Joakim Kobbevik Askepott
  • Leif Øxnevad Askeladden
  • Roy Vegar Hope Oseberg C
  • Jim Tore Liøen Oseberg Sør
  • Mail; safe@no.kcadeutag.com

– Heimeside; kcadeutag.safe.no – Facebook; SAFEiKCADeutag Vi har også en lukket gruppe på Facebook, kun for registrerte medlemmer! Bli gjerne med der dere som ikke har blitt med i gruppa ennå. SAFE i KCA Deutag

På full tid for SAFE- klubben i KCA Deutag

  • Bjarte Lygre er på heiltid for SAFE-klubben i KCA Deutag.
  • Representere klubben både mot leiinga i KCA, i SAFE- organisasjonen, forhandlingsutval m.m.
  • Jobbe for medlemene både på MODU og “drilling”; – land-sokkel-rederiavtalane
  • Vanlegvis på SAFE-kontoret på Espehaugen(2.etg) 3 dagar i veka, elles tilgjengleg på e-post og telefon.
  • bjarte.lygre@no.kcadeutag.com
  • safe@no.kcadeutag.com
  • Kontor; 55986810
  • Mobil; 936 00127
Skriv ut siden