SAFE kongress 7.-9. november;
Leif Øxnevad og Bjarte Lygre deltok frå KCA-klubben på kongressen til SAFE i Stavanger.
Kongressen er SAFE sitt overordna organ, og er kvart 3. år.
Organisasjonen til SAFE sentralt har blitt slanka etter «oljenedturen».
SAFE vurderer si tilslutning til YS (Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund), og dette vil bli sak for komande forbundsstyre.
På valg vart leiar Hilde Marit Rysst gjenvalgt utan motkandidat.
På dei andre medlemene i arbeidsutvalget var det avstemning på dei fleste posisjonane, men dei fleste vart som valkomiteen hadde foreslått, med eit unntak.
SAFE-klubben i KCA har no og eit medlem i forbundstyret, dvs. på høg varaplass.
Forbundsstyret er øverste organ mellom kongressane og landsmøta.
Saker ellers var press på leverandørar med konsekvenser på HMS, SAFE-skolen, streikeprosedyrer – og kampfond m.m.
Kontingentauke til SAFE var og oppe, men vart ikkje vedteke.
SAFE er 40 år i år, i samband med dette var det ein flott jubileumsmiddag.
Anbudsarbeidet 18 faste installasjonar Statoil
Som tidligare nevnt, skal KCAD levere anbud på 18 installasjonar for Statoil, dette inkluderer og plattformer me ikkje har hatt kontrakt på tidligare.
Nytt med dette anbudet er at Statoil vil me skal setje opp bemanning og inkludere mange tenester som i dag blir utført av serviceselskap.
Me er med i prosessen, og har no ein god dialog med Oljearbeidarforeningen og Lederne m.o.t bemanningsanalysene, dvs. at kvar og ein rigg må setje opp kva bemanning dei ser behov for. Dette er eit omfattande arbeid
Bemanning er 1 av 18 deler som ligg i anbudspakken, så det er rimelig hektisk for dei involverte. Underteikna deltek på fleire av desse aktivitetene.
Adm.dir Paul Horne går av til Nyttår
Paul Horne går av som administrerende direktør for KCA Deutag Drilling og MODU etter 36 år i selskapet. Han har gått i stillingar frå mekanikar til no adm.dir.
Bjarne Tresselt overtar inntil vidare når Paul går av.
AMU-deltaking for SAFE-klubben
Det er søkt om fast plass for SAFE i Arbeidsmiljøutvalet i KCA. Me har blitt innkalla kun i spesielle saker fram til no. Om me får fast plass vert avgjort 7.desember.
KCA Deutag MODU bedriftsforsamling – styre – AMU
Det vart bede om fritak for bedriftsforsamling i MODU, som er eit sjølvstendig AS, heileigd av KCA. Når det er over 200 tilsette er det krav om bedriftsforsamling om ikkje arbeidstakerane som representerer dei fleste tilsette er enige om anna.
Om ein avvik frå bedriftsforsamling har dei tilsette krav på utvida styrerepresentasjon. Saman med IE MODU-klubben har me godtatt dette. Det er ikkje mange bedrifter i bransjen som enno har bedriftsforsamling.
Som ein fylgje av dette vil det bli sett opp eit valstyre, som skal organisere valg blant dei tilsette i MODU på 3 styremedlemer.
Deretter nominerer ein kandidatar som ein meinar er eigna til å sitte i styret blant alle tilsette. Og så går listene ut på endelig valg.
SAFE har no fått kontor på Espehaugen!
SAFE-klubben i KCA har no kontor 215 på Espehaugen. Dette er i 2. etasje, til venstre når du kjem opp trappa, kontor # 5 på venstre side. Vanlegvis er undertegna her 3-4 dagar i veka, om det ikkje er møter/riggbesøk m.m. utanom huset. Me har og fått eigen e-postadresse; safe@no.kcadeutag.com
Denne kan berre lesast frå kontoret, på hastesaker bruk personlig e-post.
Genserane er komne!
Det er så langt medlemer på land, og nokon på Askeladden og Askepott som har fått desse.
Eg manglar fortsatt størrelse og utreisedatoar på dei fleste medlemer.
Om de sender ei melding seinast dagen før utreise, kan eg levere på utreisemøtet, eller de kjem innom kontoret og hentar.
Feriepenger og tariffsaker MODU/rederiavtale
Me har tatt opp ei rekke saker på mellom anna tariff, fleire av dei saman med IE MODU-klubben.
Feriepengeutbetaling; Her sende me ut til avstemning blant medlemene om dei ville ha utbetaling kvar månad, eller 25% i januar og resten i mai. Om lag 70% av svara var på utbetaling januar/mai. Det same gjald for IE.
Styremøte i SAFE-klubben;
Det blir styremøte i klubben onsdag 6.desember. Har du nye saker me bør ta opp, kontakt styremeldlem eller undertegna!
Bjarte Lygre
tlf. 93600127