Oktoberinfo 2017

Dobbelt kontingenttrekk?

Ein del nyinnmelde har blitt trukke dobbelt kontingent, dvs. også til tidligare fagforening.  SAFE sender utmelding frå det forbund du har vore medlem i om dette er merka på innmeldinga.  Allikevel har dette blitt ”juksa” med.  Gjeld dette deg, ta kontakt.

Kontraktsarbeid anbud boring 18 ”faste” installasjonar Statoil og medvirkning på anbudet;

Me hadde møte med kontraktskoordinator Bjarne Tresselt i KCA torsdag saman med Lederne i KCA.

Me fekk ei innføring i kva som ligg i anbudspapira Statoil har sent til KCA, Odfjell og Archer, som vert dei 3 som får levere anbud.

Alle selskapa må by på alle 18 installasjonane.

Anbud skal være levert medio januar 2018, og vil gjelde frå 1. oktober 2018.

Bemanning

Det er først og fremst dette me vil prøve å påvirke, og har «meldt oss på» bemanningsanalyser som vert i nær framtid.  

Velferd – og rabattavtalar KCA;

Me har idag ei rekke rabattavtalar, ikkje avklart om desse og vil gjelde MODU.

Lønnstillegg individuellt avlønna MODU;

SAFE-NR-protokoll;

Tillegget er fordelt med kr 10000,- i snitt pr tilsett. Nokre stillingsgrupper får over 10000,-, ingen mindre enn kr 6000,- ref. protokoll SAFE/NR.  

Seilingsavtalen avrekning – kurs  MODU;

Avspaseringslønn etter seiling – inkludert tillegget(1:1);

Kurstimar for avrekning;

12 timar kvar kursdag mot årsverk på NR avtalen, om ein ikkje betaler ut 8 timar overtid etter avslutta kurs. 

Overtidsberegning utover 28 dagar ombord; avtalt lønn (GL+20% +65%).

Styremøte;

Me hadde styremøte i den ”nye” klubben ombord på Askeladden 16. Oktober.  Nestleiar i Safe Roy Aleksandersen og organisasjonssekretær ”NR” Geir Jonny Tvedt var og med her, noko som var svært nyttig på fleire tariffsaker.

Neste styremøte vert i Bergen 7. desember.

Områdemøte sokkel;

Dan Frode Karlsen og undertegna deltok på områdemøte for sokkel i Bergen 17.-18. Oktober med tillitsvalgte frå dei fleste selskapa som er på sokkelavtalen; Statoil, Wintershal, ESS, Sodexo, Coore m.fl.  Me drøfta her felles utfordringar med alt frå tolkning av avtalar til kontraktsarbeid og tilhøva operatør-kontraktør.

Kongress SAFE 7.-9. November 2017;

Me deltek med 2 representantar på kongressen til SAFE i Stavanger. Kongressen er det øverste organ for SAFE, og er kvart 3.år.

Oppdatering medlemsopplysningar ”min side” på SAFE.no;

Me set pris på om de oppdaterer medlemsopplysningar på ”Min side”, og dette vert no belønna ☺.

Me er først og fremst interessert i at me har korrekt e-postadresse og telefon, men det er også fint om de sjekkar at de ligg inne med korrekt stilling.  Inne på ”min side” kan de og legge inn størrelse genser/T-skjorte på ”Merknad”

Når de har lagt inn dette, vil medlemene i løpet av året få ein genser type Blue Rebell som vist på bilete under.

Takkar resepsjonisten på Scandic Strand som sporty stilte opp som modell 🙂 

 

Sauda 30. Oktober 2017

 

SAFE i KCA

Bjarte Lygre

Bjarte.lygre@no.kcadeutag.com

Tlf 936 00 127

Skriv ut siden