Oppsummering av årsmøte og tillitsvalgtkonferanse

Tirsdag:

Årsmøte blei avholdt i Antons Kulturhistoriske Senter i Samnanger. Rundt 20 stk møtte opp, inkl styret.

Ordførar i Samnanger, Knut Harald Frøland, ønska oss velkomen.

Nytt styre blei konstituert og utvida med 1 medlem, totalt 8 stk i styret frå 2019.

Me fekk også ein interessant og lærerik omvisning av Anton og hans museum på Frøland.

Det blei også vist film om kraftutbygginga, som foregjekk i Samnanger frå 1909, som synte korleis HMS og fagforening var på denne tida.

På ettermiddagen bar det innover til Norheimsund og tillitsvalgtkonferanse.

Onsdag:

Bjarte ønskte velkomen.

Me hadde vitjing av Bjarne Tresselt, adm.dir i KCAD Norge, som på engasjerende måte fortalte oss om firmaet sin status og framtidsutsikt.

Dialogen var god, og det blei stilt mange gode spørsmål til Bjarne.

Bjarne kunne også informere om ein god start på 2019, og det var omforent enighet om å fortsetje denne gode trenden.

Vidare kunne Morten Brosvik frå Gjensidige, «vår» kontaktperson, fortelje oss om forsikringsordningene gjennom YS, og medlemsfordelene her. Alle i SAFE har moglegheit til å ta kontakt med Morten Brosvik i Gjensidige for å få ein gjennomgang av sine respektive forsikringar.

Bjarte, Kristian og Simen tok for seg litt om tillitsvalgt, samt rollen som HVO på CatJ.

Roger frå OSC kunne fortelje at det var satt igong eit forsøk på å få snu skiftordninga til å bli natt/dag på faste installasjonar ( CatJ har allereie denne ordninga idag). Dette gjeld førebels kun OSC.

På slutten av dagen kom Hilde Marit Rysst og jurist frå SAFE. Juristen gjekk gjennom viktigheten med rolla som tillitsvalgt.

På ettermiddagen blei ein tur i akebakken på Rosseland for dei som ville det.

På kvelden blei det ein hyggeleg middag i god atmosfære på Bjørketeigen, med framifrå mat og drikke.

Torsdag:

Jurist innleia dagen med å forklare om saksgang rundt ein evt tvist.

I tillegg blei det informert om løn og lønsoppgjer, samt streik og framgangsmåten ved ein evt streik.

Arild Jenssen frå SAFE sentralt kunne fortelle om pensjon og pensjonsreglar, både for MODU og «faste».

Raymond informerte om korleis prosessen rundt disiplinærsaker skal foregå, og juristen kom med utfyllande info rundt dette temaet.

Hilde-Marit, leiar i SAFE, informerte om SAFE-organisasjonen. Fortalte om SAFE sin betydning framover, samt utfordringene SAFE og fagorganiserte står overfor i tida som kjem.

Konferansen blei runda av med innspel frå deltakarane. Brei enighet om at årsmøte og tillitsvalgtsamlinga var svært vellukka.

Styret i SAFE i KCAD

Skriv ut siden