Påskeinformasjon SAFE-klubben i KCA Deutag
Forhandlingar sokkelavtale;
STREIK over påske?
Det vart den 22/3, brot i forhandlingane mellom YS (vår hovudorganisasjon) og NHO.
Partane vart ikkje samde om økonomisk ramme for oppgjer, endringar i AFP eller tenestepensjon. Ein vart heller ikkje samde om kap.8 i industrioverenskomst som omhandlar reis, kost og losji.
YS har difor meldt plassoppseiing for alle avtalar ein har med NHO.
For SAFE i KCA Deutag gjeld dette alle på «sokkelavtalen», men denne går ikkje ut før 1.juni i år.
Det er vanlig praksis at så lenge YS melder plassoppseiing, på tariffavtalane, sender bedrifta ut «betinga permiteringsvarsel» til alle tilsette.
Kva klubbar som vert omfatta av plassfratredelse vert varsla 3.april.
Mekling mellom YS og NHO startar 3.april og skal avsluttast 7.april kl 2400.
Sjølv om første del av forbundsforhandlingar er gjennomført, kan det no bli storkonflikt!
Om me blir råka av ei streik, vert det som 3.part fram til sokkelavtalen går ut. Om ein då vert permitert, må ein melde seg hjå NAV.
Som part / organisert i ein konflikt, er det SAFE som betaler streikebidrag til medlemene, ingen får då noko frå NAV eller arbeidsgivar. Men dette er i så fall noko meir fram i tid.
Det vert lagt ut informasjon og på safe.no
Val styret Modu;
Nominasjonane er komne inn på kandidatar til styret i Modu. Valkomiteen skal gå gjennom svara på desse, og gjere klart til val 9. april. Då vert det lagt ut til elektronisk val for tilsette i Modu.
Facebook + nettside SAFE-klubben;
Me har ei facebookside som heiter SAFE i KCA Deutag, lik gjerne sida så får du melding om oppdateringar.
Heimeside; Kcadeutag.safe.no
Her vil det bli lagt ut «hasteinformasjon» m.m. utover våren. På heimesida finn de og noko historisk informasjon, årsmeldingar m.m.
Mannskap plattformboring;
KCA Deutag Drilling Norge har signert kontrakt med Point Resources (tidligare Exxon) om borestart på Ringhorne neste vår. Fram til den tid vil det pågå mange prosjekt som førebuingar til boringa. Det er me som har hatt kontrakt på boringa her frå plattforma var ny, og det har vore «kampanjeboring» her tidlegare og.
På Oseberg Øst vert det faseendring frå boring til vedlikehold. Me håpa her lenge på noko utvida vedlikehalsbemanning, men no har ein landa på minimumsbemanning her. Det vert nokon overtallige på Oseberg Øst/Safe Scandinavia, sjølv om det vert oppstart på Oseberg Sør.
Kvitebjørn: 22/4, var det ikkje kome noko varsel om borestans frå Equinor (Statoil),sjølv om dette er varsla muntlig. Om det skjer noko, kva tid og fylgjende får ein drøfte når / om varsel kjem.
Aktiviteter fremover for styret, klikk på link for å lese pdf dokumentet: Kalender 2018