Referat fra årsmøte 2020

SAFE i KCA Deutag 

Årsmøte 18 .februar 2020- Scandic Voss

Årsmøtesaker;

Val av møteleiar

Kristian valgt som møteleiar. Kristian synte video frå Ptil « Aldri mer en storulykke».

Godkjenne innkalling

Lagt ut på heimesida for 2 månader sidan. I tillegg sendt på epost til samtlege deltakarar i forkant av årsmøtet.

Val av referent og 2 til å skrive under referat Roy Vegar referent. Rune og Remi skriv under.

Godkjenne årsmelding

  • Bjarte gjekk gjennom årsmelding for 2019 på storskjerm. Også lagt ut i papirutgåve til alle. Årsmelding ligg elektronisk på heimesida til safe/facebooksida til SAFE i KCAD. Årsmelding vedtatt, ingen forslag til endring.

Godkjenning av vedtekter

  • Godkjent utan endring

Godkjenne rekneskap

  • Rekneskapen for 2019 vedtatt. Revisor: Arna Accounting.

Budsjett 2020

Vedtatt med endring: auka streikefond frå 85000,- til 150000,- kr. Ellers ingen forslag til endringar

Kontingent – lokal del

Vedtatt å bruke lokal del (kr 60) som tilskot til streikefond.  

For landtilsette, som i praksis er utan streikerett, blir denne satt til 30,- kr.

Handlingsplan 2020

  • Bjarte gjekk gjennom handlingsplan for SAFE 2020. Eit fokus på å auka medlemstal. Bra auke i 2019, ynskje om å fortsette den gode trenden. 
  • Førebu oss på streik, både på sokkel og rederi. 
  • Medlemsinfo 1-2 gonger pr mnd. Styre/TV-info kvar veke
  • Fortsatt god profilering av SAFE
  • VO-arbeid/VO-samling
  • Deltaking AMU MODU&Drilling
  • Representere klubben med 2 stykk på ulike møter, konferanse osv.
  • Medlemservice – raske tilbakemeldingar.

Innkomne forslag

  • Info frå Bjarte: praksis ifm siste årsmøte før jul: middag m/følge blir dekka av klubben. Ynskje om å vidareføre dette. Ingen innvendingar mot dette.
  • «Bruspengar» 500,- kr. Ifm tjenestereiser i SAFE samanheng. Summen gjeld pr overnatting og blir sendt til klubben. 

Val av representanter te styret

  • Nestleiar «drilling» -2 år
  • 3 styremedlemer -2år
  • 1 varamedlemer -1 år
  • 2 varamedlemer -2 år
  • Val av styret og valstyre blei vedtatt. Følgande styre & valstyre for 2020: 

Styret

  • Bjarte Lygre – leder 1 år
  • Bjørn Tore Jensen – nestleder Modu/ økonomi 1 år
  • Raymond Magnussen – nestleder drilling 2 år
  • Roy Vegar Hope – Styremedlem/ sekretær drilling 1 år
  • Knut Mogen- styremedlem modu 1 år
  • Bjørn Solbakk- styremedlem modu 1 år
  • Kristian Stange- styremedlem modu 2 år
  • Jim Tore Liøen – styremedlem drilling 2 år

Vara

  • Andreas Åsebø – vara sokkel – 1 år
  • Stian Pettersen – vara modu 1 år
  • Leif Øxnevad – vara modu 2 år
  • Remy Fredriksen – vara sokkel 2 år

Valstyret 2021: 

  • Simen Eik Kalve (leiar) – MODU
  • Remy Fredriksen – Sokkel
  • Roger Johnsen – Land

——————————————————————————————————————

Remy Fredriksen                                                                 Rune Brurås

Skriv ut siden