Traff nokre av medlemene våre på Kvitebjørn som skal over på dei nye Jack-upane som KCA Deutag MODU skal drifte. Om du ikkje allereie er medlem, kontakt ein av desse, eller undertegna for informasjon/ medlemskap. Eller gå inn på SAFE.no og meld deg inn.
Me jobbar aktivt for å ivareta rettane til våre medlemer, også på flyttbare installasjonar, og deltek i både områdeutval og forhandlingar på Hovud-og tariffavtalen for NR (rederi) området.



Reisetips Korea KLM
For dei som skal reise med KLM nedover, og som ikkje likar å stå i kø, bestill «Petroleum Card» på KLM sine nettsider.
Du må bruke e-postadressa di i KCA som «adresse».
Du får då gå i «priority» ombordstigninga på flyet.
Veldig greit å sleppe å gå bak pensjonistane som treng 5 minutt kvar på å komme seg ut av midtgangen 🙂
Du får og tilgang til lounge på m.a. Schipool. Bere scanne billetten og ha med «Petroleum Card»
Denne har undertegna prøvt ut, veldig bra, stille med alle muligheter for «relax», lading, jobbing. Varm og kald mat, kaffi, øl, vin og «avec».
Om dei gratis drikkevarene medfører at du ikkje rekk flyet vidare tek IKKJE SAFE saka!
Du får poeng på KLM si bonusordning og.
Bjarte Lygre
KLM-fan