Forhandlingar sokkelavtalen; SAFE-NOG
2.-4. mai skal me i forhandlingar med Norsk Olje – og Gass (NOG) på Vassenden-Forus. Her er det representantar frå alle klubbane som er knytt til avtalen. Dette utgjer forhandlingsutvalet til SAFE. Dei største klubbane, til dømes Statoil, har fleire representantar, men me får berre ein. Oljeoverenskomsten sokkel har 3 grupper; operatør, forpleining og boring. Plattformboring i KCAD er einaste selskap som er knytt til denne avtalen. Konkurrentane våre er på «NR-avtalen», også på faste installasjonar. Det vert sett ned eit «engere utval» der me er ein representant frå kvart område på avtalen. I tillegg vert forbundsleiaren vår, Hilde Marit Rysst, forhandlingsleiar. I praksis er det fordeling av eit allereie sett prosenttillegg me skal forhandle om, då me har mista streikeretten på sokkeloppgjeret i år. Oppdateringar på www.safe.no
HVO-val Askepott;
Simen Eik Kalve er valt som HVO for Askepott. Som varaHVO er Fredrik F. Hamre utpeikt av SAFE-og MODU-klubben. Gratulerer med valet! Me vil og ynskje Simen velkommen til våre styremøter framover, og klubben vil bidra for ei best mulig rusta verneteneste om bord!
Styrerepresentantar for tilsette i Modu
Då er valet av tilsette sine representanter ferdig i Modu. Desse er valt for 2 år: Faste representantar: Espen Fischer Kristian Stange Jostein Hallaråker Vararepresentantar: Roger Orrestad Stig Olav Larsen Henrik Bakken Magne Tobias Endresen Hansen Tom Espen Føleide Tilfeldigvis er alle åtte på medlemslistene våre , men i styret representerer dei sjølvsagt alle tilsette.
Røykdykkartillegg Modu
NR avtalen pkt. 6.6 Røykdykkere; Røykdykkere på beredskapsplan betales med kr 450,- pr.mnd Dette har i KCAD blitt utbetalt med heilt (kroner 450) eller halvt tillegg, når ein er oppsett på beredskapsplan. SAFE-klubben meinte dette vart feil, då tillegget er berekna ut frå at ein skal ha dette 12 månader i året. Me har no fått gjennomslag for at dette vert utbetalt per dag/veke/tur. Utrekninga vert som fylgjer; 450 kroner/månad x 12 månader Tillegget per år deler ein på 1460 årsverktimar x 12 timar per skift.
For ein offshoretur på beredskapsplan vil tillegget då utgjere cirka kroner 620, ikkje kroner 450. På timelista må de skriva tillegget for kvar dag de er røykdykkarar, inntil 14 dagar på ein vanlig offshoretur.
Velferdspermisjon – eller sjukmelding??
Me vil på det sterkaste oppmoda alle om å nytta seg av velferdspermisjon heller enn sjukmelding om det er akutte/uføresette hendingar i nær familie. Det er fleire grunnar til denne oppmodinga. Mellom anna kan ein risikera å «bruka opp» sjukedagar på fråvær som seinare kan slå inn på retten til lønn under sjukdom. Me prøver og å få betre vilkår i sentrale forhandlingar for permisjon. Og sånn går no dagane… Denne veka vert underteikna i Stavanger på forhandlingar. Måndag 7. mai skal me ha møte med leiinga på Modu saman med IE-Moduklubben. Me har eit godt samarbeid med Kristian Enoksen, ny klubbleiar Modu. Tysdag blir det forbundsstyremøte i Stavanger og så Bergen resten av veka. Og fri med avløysar veka etter 🙂 Medlemstalet er i dag 203
Ryfylkefjordane/Stavanger 1. mai 2018
Bjarte Lygre Klubbleiar SAFE-klubben i KCA Deutag
Print gjerne ut info og legg i kaffisjappa på riggen din, klikk på link til pdf her: Tidlig maiinfo 2018