10 dagar etter at me iverksette første streikeuttak, er streika no over.
Me fekk fullt gjennomslag på pensjonssaka, og alle framforhandla tillegg vert etterbetalt frå 1. juni 2018.
Sjølvsagt kunne me ynskje oss meir på økonomi, men det ville vært uforsvarleg å streike lenge for å oppnå eit marginalt tillegg.
Etter ein telefonrunde i forhandlingsutvalet i ettermiddag, var me samde om å godta skissa frå Riksmeklaren.
Om dei andre forbunda, som godtok dårlegare pensjonsvilkår får same rettane som SAFE kjenner eg ikkje til no, men om ein vert med i eit forbund som tek kampen, då får dei godene og 🙂
Les meir her: