Årsmelding for SAFE i KCAD 2018

Årsmelding for SAFE i KCAD 2018

beskrivende alt-tekst

Informasjon fra 2018

Årsmøtet var 12.februar 2018 på Bjørketeigen gard i Norheimsund. Styret i klubben var samansett slik etter val;
Leiar Bjarte Lygre 1 år

Nestleiar plattformboring/land Raymond Magnussen 2 år Oseberg B
Nestleiar Modu Bjørn Tore Jensen 1 år Askeladden
Styremedlemer Kristian Stange 2 år Askeladden
Espen Johnsen 1 år Askepott
Per G. Hallem 2 år Gullfaks B
Dan Frode Karlsen 1 år Gullfaks A
Varamedlemmer Leif Enok Øxånevad 2 år Askeladden
Joakim Kobbevik 1 år Askepott
Roy Vegar Hope 1 år Oseberg C
Jim Tore Liøen 2 år OSC/Oseberg Sør

Tillitsvalgtkonferanse
13.-14.februar 2018 hadde klubben tillitsvalgtkonferanse på Thon Sandven Hotell i Norheimsund med 17 deltakerar frå dei fleste installasjonane me hadde drift på. På konferansen var adm.dir Bjarne Tresselt, K-HVO Henning Mørk, Gjensidige-YS fordeler, leiinga i SAFE med leiar Hilde-Marit Rysst og nestleiar Roy Aleksandersen med på deler av arrangementet.
Me fekk gjennomgang på kva selskapet jobbar med utanom og i Norge, forsikringsordningar med pensjon, drøftingar på tariffavtalane, der ein og la fram krav før hovudoppgjera i 2018.

Operasjonar/drift

Det var full drift på Gullfaks A-B og C heile året fram til 1/10-18, då me ikkje fekk fornya kontrakten.
På Oseberg B og C har og hatt boreoperasjonar gjennom heile året, tidvis brønnintervensjon.
Mannskapa på Oseberg Øst gjekk over til Oseberg Sør i juni/juli 2018, etter den tid har ein hatt noko brønnintervensjon på Oseberg Øst, og boring på Oseberg Sør.
Kvitebjørn gjekk i borestans i juni 2018.
Ringhorne; her vart det auka med personell allereie i sommar, og i november var det nær fullt mannskap. Borestart er sett til våren 2019.
Askepott og Askeladden har hatt operasjon gjennom heile året etter at dei kom seg på lokasjon på Oseberg H og sør for Gullfaksfeltet.

Styret
Me har hatt fire styremøter i året som har gått, alle i Bergen. Grunna virksomhetsoverdragelse til Archer på Gullfaks, gjekk to av styremedlemene over.
Varamedlemene Roy Vegar Hope og Jim Tore Liøen frå plattformboring har etter den tid gått inn som faste medlemer i styret.
Styret har handsama 53 saker i årsmeldingsperioden, i tillegg til ein del saker som har gått på e-post.
Val av tilsetterepresentantar i KCA Deutag Modu Operations
Då både SAFE-klubben og Modu-klubben har godteke at ein ikkje s86kal ha bedriftsforsamling i KCA Modu Operations AS, skal dei tilsette ha tre representantar i styret, samt fem vararepresentantar.
Det vart sett ned ein valkomité frå begge klubbane. Åtte av ni nominerte til styret var SAFEmedlemer.
Alle åtte som vart valt var «våre», og sit i to år frå mai 2018. Espen Fisher, Jostein Hallaråker og Kristian Stange er faste representantar i styret.

Område rederi i SAFE
I områdeutval for rederi er alle klubbane innan rederiområdet representert med inntil 2 medlemer.
Det er fire møter/samlingar kvart år.
Frå SAFE-klubben i KCA Deutag har klubbleiar delteke på alle, og nestleiar rederi Bjørn Tore Jensen delteke når han har hatt fri.
I år har me hatt mange saker her, alt frå pensjon, forhandlingar, streik, utflagging, sjukeløn, tap helsesertifikat, tvistesaker med meir.

Områdeutval sokkel i SAFE/forhandlingar sokkelavtalen
I områdeutval for sokkelavtalen sit operatørtilsette, forpleiing og KCA Deutag, som er einaste borebedrift på denne avtalen. Utvalet har hatt fire møter i løpet av 2018, og klubbleiar har representert KCA Deutag-klubben på desse. Me har høve å stille to representantar på områdeutvalet.
Det vart i 2018 samordna oppgjer, noko som gjer at me i røynda ikkje hadde streikerett på sokkelavtalen. Dette av di at YS og NHO skulle bruke pengar på å forbetre AFP-ordninga. YS forhandla i røynda for alle forbunda sine.
I mars hadde me «sløyfeforhandlingar», det vil sei at me la fram krav til endringar i avtalen. 2.-3.mai var me samla hjå Norsk Olje og Gass alle som er på avtalen, og det vart to døgn med forhandlingar før ein på morgonkvisten 4.mai kunne signere. Dette gjorde me samla med Lederne og Industri Energi.

SAFE sokkelutval Felles signering sokkelavtalen Norsk Olje
og Gass; SAFE-Lederne-Industri Energi

Tillitsvalt kurs/SAFE-skolen 1
Desse tillitsvalte har delteke på kurs i 2018;
17. – 18. januar; Bjørn Tore Jensen, Roy Vegar Hope, Knut Thomas Mogen, Kristian Stange, Peder Skaalen
16. – 17. oktober; Jostein Hallaråker, Kenneth Kvingedal, Ralf Risholt, Olve Skeie, Atle Borgly og Simen Eik Kalve. Dei fleste som har hatt ynskje om kurs har fått tilbodet i 2018.

Landsmøte SAFE 13.-14. juni 2018
På landsmøtet til SAFE på Sola deltok Kristian Stange, Bjørn Tore Jensen og Bjarte Lygre.
Ei av sakene me fekk gjennomslag for var å auke utdanningsstøtta for medlemer.

Lokale forhandlingar 2018
Me var innkalla til lokale forhandlingar for landtilsette og leiande personell på plattformboring i slutten av august. Forhandlingane vart utsett i to månader. Me hadde her eit samarbeid med Lederne og Oljearbeidarforeningen. Resultatet vart bra i år samanlikna med andre oppgjer. I tillegg skal me i vår og forhandle om lønsmatrise for offshorepersonell. På forhandlingane 30.oktober 2018 deltok Jim Tore Liøen og Bjarte Lygre for SAFE-klubben.

Forbundsstyret SAFE
Forbundstyret er øvste organ i SAFE mellom landsmøte og kongress.
Bjarte Lygre er vara medlem i forbundsstyret, har delteke på sju møter i 2018.
Dei fleste møta i SAFE-samanheng vert haldne på SAFE-huset i Stavanger.

I arbeidsmiljøutvalet for KCA Deutag Modu Operations er det fire representantar for arbeidstakarsida, og fire frå leiinga. K-HVO
SAFE tok atterhald på forhandlingane med Norges Rederiforbund 23.-25.mai 2018.
Me meinte ei endring i pensjonsvilkår, samt svak lønsutvikling på avtalen måtte ut på uravstemning blant medlemene på rederiområdet. Uravstemninga gav eit stort fleirtal for å ikkje godta protokollen som Industri Energi allereie hadde signert på.
21.juni varsla me plassfratredelse til NR og Riksmeklaren. 9.juli vart me innkalla til Riksmeklaren, der ein hadde frist til midnatt med å bli samde med NR om avtale. Kl 23.45 var det ikkje kome noko reelt tilbod, me gjekk ut i streik frå midnatt. Hjå oss var det varsla arbeidsstans for våre medlemer på Askeladden, i tillegg 9 andre riggar/fartøy innan området. Me varsla og opptrapping der alle andre installasjonane på NR-området vart tatt ut 16.juli.
Askeladden fekk utfordringar med brønn, og fekk ikkje sikra denne.
Askepott stengte ned/sikra brønn 17.juli.
19.juli var det kontakt mellom SAFE og reiarlaget. Me fekk tilbod om å behalde ordninga med gavepensjon/1G, men ikkje gjennomslag for lønskravet som var lågt.
Forhandlingsutvalet var samde om å godta tilbodet, som ikkje ville gje oss dårlegare pensjonsvilkår. Arbeidet på Askepott vart teke opp att straks konflikten var slutt.
I tillegg til streikebidrag frå SAFE sentralt, støtta klubben lokalt økonomisk til dei som vart tatt ut i streik.

Streikevakt Flesland Natt – Rådhusgata SAFE forhandlingsutval NR

Økonomi
Dette er første år me har med felles klubb og heiltidstilsett for medlemene. Dei fleste utgifter for klubbdrift vert dekka av bedrifta gjennom «samarbeidsavtalen» som legg rammer for tillitsvalt arbeid. Noko av møte-og reiseutgifter vert dekka gjennom klubbkassen. Ein del utgifter hadde me i samband med streika i sommar.

Marknadsføring
Våre tillitsvalte og medlemer er klubben sine beste seljerar!
Klubben er ein fagforeining, og det er vår jobb nummer ein å ta vare på medlemer sine rettar og arbeidsvilkår, og støtte opp om naudsynt ved arbeidskonflikt.
I desember vart det kjøpt inn langarma trøyer til medlemene som vart utdelt offshore.

Samarbeid
Me har lokalt eit nært samarbeid med dei andre fagforeiningane; Oljearbeidarforeningen og Lederne på plattformboring, og med Moduklubben IE på dei flyttbare riggane. Dette har gitt gode resultat, både på lokale forhandlingar, dialogmøter og oppbygging av vernetenesta på Modu.
Før sokkelavtaleforhandlingane hadde me ein gjennomgang med Oljearbeidarforeningen på prioriterte krav til oppgjeret, noko me presenterte vidare gjennom våre forbund. KCA Deutag Drilling Norge AS er einaste boreselskap på denne avtalen. Me fekk gjennom eit krav på lønn for vikariat høgare stilling.
Innan SAFE har me henta kompetanse frå andre klubbar på avtalar og røynsler dei har. Samarbeidet med SAFE sentralt er godt, og her er det kort veg til leiing og sakshandsamerar, anten det gjeld tariff, juridisk, medlemssystem, kurs med meir.

SUS 8.februar 2019
For styret i SAFE-klubben
Bjarte Lygre, klubbleiar Godkjent av årsmøtet-Samnanger 12.februar 2019

Les mer om følgende emner: