Om oss

Om oss

SAFE-klubben i KCA Deutag er ein felles klubb for landansatte, plattformboring og Modu/CatJ, og er den største fagforeningen i KCA Deutag i Norge.

Informasjon om SAFE-klubben

SAFE-klubben i KCA Deutag er ein felles klubb for landansatte, plattformboring og Modu/CatJ, og er den største fagforeningen i KCA Deutag i Norge.

Me har tillitsvalgte på alle skift på Askeladden og Askepott, på alle installasjonane med plattformboring, samt på Espehaugen.

Kontingenten er totalt kr 520,- pr.mnd., inkludert advokatforsikring og «grunnforsikring» samt lokal kontingent.
Som SAFE-medlem vil du få gode prisar på forsikring i Gjensidige, som me har avtale med gjennom YS, vår hovedorganisasjon.

Nordea Direct (tidlegare Gjensidige bank) har og særs gode tilbud til medlemmer, vilkåra på bank og forsikring er ikkje lokketilbud!

For eigen pensjonskonto for innskuddspensjon har me konkurransedyktig tilbud med YS-pensjon.

I KCA Deutag er klubbleiar Bjarte Lygre på fulltid for klubben, er vanligvis på kontoret til KCA Deutag i 2.etasje på Espehaugen eller på heimekontor i Sauda.

I tillegg er nestleiar for sokkel Raymond Magnussen i halv stilling for klubben med ansvarsområde for tarifferte på sokkelavtalen.

SAFE har forhandlingsrett på alle avtalane for tilsette i KCA Deutag, både på rederisida, plattformboring med sokkelavtalen, oljeoverenskomst/bransjeavtalen og individuelt avlønna.

SAFE er ein arbeidstakarorganisasjon, som forhandlar på eigne bein, og er einaste fagrørsle berre for tilsette i olje- og gassindustrien. Det vert ikkje betalt pengar til politiske parti, korkje frå SAFE eller hovudorganisasjonen vår YS.

Tilskot til kurs frå utdanningsfondet i SAFE, inntil kr 15000,- årleg.

Alle nyinnmelde får velkomstgåve frå SAFE sentralt etter første kontingenttrekk.

Om du vil vite meir om oss, sjå gjerne vår Facebookside; safeikcadeutag , nettsida kcadeutag.safe.no eller safe.no

Ta gjerne kontakt om me kan hjelpe deg med informasjon eller anna!

Innmelding og meir informasjon, klikk her.