Årsmøte og tillitsvalgtkonferanse Safe i KCAD 2024

Årsmøte og tillitsvalgtkonferanse Safe i KCAD 2024

20-22.februar hadde SAFE-klubben i KCA Deutag si årlege samling for tillitsvalte. Også i år vart det på Scandic Voss, der me er sikra norsk mat, og eit hotell med tariffavtale. Me starta samlinga med årsmøte, der om lag 30 tillitsvalte frå klubben deltok.   Også i år var det fleire som ynskjer eit sete i klubbstyret  enn det […]

20-22.februar hadde SAFE-klubben i KCA Deutag si årlege samling for tillitsvalte.

Også i år vart det på Scandic Voss, der me er sikra norsk mat, og eit hotell med tariffavtale.

Me starta samlinga med årsmøte, der om lag 30 tillitsvalte frå klubben deltok.  

Også i år var det fleire som ynskjer eit sete i klubbstyret  enn det me har plass til.  

Etter skrifteleg avstemming ser det ny styret slik ut;

Leiar;                  Bjarte Lygre            (ikkje på val)

Nestleiar sokkel;        Raymond Magnussen     2 år

Nestleiar Modu/NR      Knut Thomas Mogen    (ikkje på val)  Askeladden

Styremedlemer;         Andreas Åsebø          2 år         Oseberg C

                       Kristian Stange        (ikkje på val)    Askeladden

                       Remy Rotherford         2 år         Ringhorne

                       Olav Nordskog        (ikkje på val)    Ringhorne

                       Stig Olav Larsen          2 år         Land/Modu

                       Ralf Risholt            (ikkje på val)    Askepott

                       Leif Øxnevad               2 år        Askeladden

Vararepresentantar;     Jim Tore Liøen         (ikkje på val)   Oseberg Sør

                        Jin Marie Bakke            2 år      Kompetansepool

                        Kjetil Morten Mortensen     1 år      Oseberg B

                        Bjørn Tore Jensen          2 år      Askeladden

Valnemnd til 2025       Jin Marie Bakke            leiar

                        Roger Johnsen

                        Simen Eik Kalve 

   

Etter årsmøtet var driftsdirektør Helge Engevik og informerte om selskapet, og KHMS-koordinator Simen Eik Kalve om sikkerhetsstandard, TRIC mv. På ettermiddagen, etter ein liten luftetur, var me på bowling på Vossevangen.

Frå SAFE sentralt deltok nyvalgt forbundsleiar Raymond Midtgård og forbundssekretær Idar Martin Herland på det meste av samlinga.

Me gjekk gjennom dei forskjellige tariffavtalane og særavtalane våre, og forhandlingane som kjem no utover. Det vart og lagt vekt på argumentasjon for å få gjennom krava.

Elektrifisering av sokkel og land vart og drøfta, og informasjon om SAFE sin ståstad til dette.

Yrkesskadar og forsikringar, samt lovverk og forskrifter for vernetenesta fekk me og innføring i frå forbundet. Det er her stor skilnad på ulykkeskader og om ein vert utsett for t.d. kjemisk eksponering med påfølgjande eksponering.

Medlemsfordeler både som SAFE-medlem samt gjennom YS vart gjennomgått. Her er det spesielt forsikring og bank som er det som vert mest nytta, men her er og avtalar på alt frå leigebil til tannhelseforsikring som få andre kan konkurrere på.

På avslutning av samlinga var det semje om å framleis ha den årlege samlinga på Voss, dette først og fremst utifrå kommunikasjon og aktivitetstilbod.

Les mer om følgende emner: